Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Brønnøysundregistrene
- Frist 25.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Klar for nye utfordingar? Vi treng deg på Brønnøysundregistra
Om stillinga
I avdeling registerforvaltning får du moglegheit til å bli kjend med offentleg sektor gjennom saksbehandling og andre arbeidsoppgåver retta mot norsk næringsliv og frivillig sektor.
Vi treng deg som har lyst til å ta del i ein travel arbeidskvardag der omstilling og endring gir oss spennande oppgåver og utfordringar.
Du skal vere ein pådrivar for forenkling for brukarane våre. Du skal jobbe med saksbehandling, rettleiing og vidareutvikling av registera våre.
Arbeidsoppgåver
- saksbehandling og oppgåver med betydeleg innslag av skjønnsvurderingar
- rettleiing internt og eksternt i fleire kanalar
- delta i prosjekt eller produktteam og i anna utgreiings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Du må ha
- utdanning frå høgskole/universitet på bachelornivå eller høgare
- relevant praksis kan kompensere for noko av utdanningskravet
- digital kompetanse
- gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk
Det er fint om du også har
- relevant arbeidserfaring gjerne frå offentleg sektor
- erfaring med prosjekt- og utviklingsarbeid
- utdanning innan økonomiske, administrative, samfunnsvitskaplege eller juridiske fagområde
Personlege eigenskapar
- du må samarbeide godt med andre
- du må vere sjølvstendig
- du må ha god arbeidskapasitet og eigarskap til eigne arbeidsoppgåver
- du må vere løysingsorientert og positiv til nye utfordringar
- du må vere kvalitets- og resultatorientert
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- gode moglegheiter for kompetanseheving og fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- godt og rimeleg kantinetilbod og godt utstyrt trimrom
- medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- hjelp til å skaffe bustad
Stillinga er fast og lønna som førstekonsulent med årslønn frå kroner 466 600 - 575 400, avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.
Inkludering og mangfold
Inkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Generelt
Brønnøysund er ein hyggeleg liten kystby sør på Helgeland med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod, og har gode kommunikasjonsmoglegheiter nord- og sørover. Brønnøy kommune tilbyr gratis barnehageplass og SFO til tilflyttarar. Ordninga gjeld fram til 31.12.2023.
For deg som er glad i naturen er Brønnøysund ein perfekt base for å kome seg ut. Det er kort veg til flotte opplevingar på land, i fjellet og skjergarden. Det er to treningssenter i byen, fleire idrettslag og vi har Nordland sin største klatrehall. Her er det små restaurantar med god, kortreist mat og kaffibar med kunstutstilling for å nemne noko.
Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du grunngi dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om å ikkje bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar for å bli vurdert som søkar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen på Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse/NOKUT. For meir informasjon sjå her (http://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322812932
- Sist endret