Engineer/Senior Engineer Stability & Weight
Ulstein Group
- Frist 29.10.2023
Engineer/Senior Engineer Stability & Weight
Vil du vere med å bidra til utvikling av framtidas berekraftige skip?
ULSTEIN Design & Solutions jobbar kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Vår ekspertise og kreativitet gir industrien nye innovative design, løyser utfordringar og bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi gjer dette ved å designe og gjennomføre prosjekt med fokus på miljø, kostnadseffektivitet, pålitelegheit og den totale livssykluskostnaden for produktet.
Ulstein Design & Solutions si oppdragsmengde er aukande, og vi ser etter ein motivert stabilitets- og vektingeniør. Stillinga vil vere ein del av eit spanande fagmiljø og tverrfagleg designteam. Oppgåvene vil vere interessante og varierte gjennom heile designets livssyklus, frå konseptutvikling og design, til nybygg og ulike oppdrag for seglande skip. Stillinga opnar moglegheiter for profesjonell og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø.
Vi søker ein person som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og som vil være med å innovere, engasjere og avansere, i tråd med våre verdiar.
Arbeidsoppgåver
- Delaktig i utvikling av Ulstein si portefølje av skipsdesign innan ulike segment
- Berekning, dokumentasjon, verifisering og oppfølgingsarbeid for stabilitet gjennom skipets livsløp - frå konseptutvikling og konstruksjon til service- og ettermarknadstjenester
- Vektestimering og vektoppfølging i design-og konstruksjonsfase
- Deltaking på krengeprøver lokalt og globalt
- Kommunikasjon og samarbeid i designteam, prosjektgrupper, verft, klasse- og myndigheiter, underleverandørar samt forsking og utviklingsmiljø
- Vedlikehald av vektdatabase
- Vidareutvikling av metodar og system
- Bidra med kunnskap og erfaring i relevante utviklings- og forbetringstiltak i selskapet og elles i Ulstein
- Reiseaktivitet må påreknast
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan skipsdesign BSc/ MSc
- Erfaring med stabilitet og hydrostatiske berekningar
- Erfaring med vekt- og tyngdepunktsberekning og vektoppfølging er ein fordel
- Kjennskap til ulike klasse- og myndigheitskrav
- Erfaring med NAPA, ShipWeight og CAD programvarer
- God forståing for skipsdesign og skipsbygging
- Gode skript- og programmeringskunnskapar er ein fordel
- Gode norsk og engelskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Løysingsorientert med analytisk og metodisk tilnærming
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Evne til å jobbe på tvers av fagområde
- Vilje til å søke ny kunnskap og dele erfaringar
Vi tilbyr
- Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsavtale
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
- Sted: Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Marinteknikk / Naval architecture, Strukturingeniør
Nøkkelord
stabilitet, vekt, ingeniør, naval, skipsbygging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322812282
- Sist endret