
Sivilingeniør/ingeniør - Feilanalyse og FASIT-ansvarleg
BKK AS
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du opptatt av leveringskvalitet i kraftnettet?
Kva skjer i kraftnettet når det inntreff feil? Har komponenten med feil blitt kopla raskt nok frå, har vern og gjeninnkoplingsautomatikk fungert som planlagt, har alle signal og meldingar varsla korrekt og tilstrekkeleg og kva var årsak til at feilen inntraff? Feilanalyse vil gje svara på dette. Og korleis er kvaliteten på spenninga vi leverer?
I eit samfunn som er avhengig av elektrisitet og kor kundane har ei forventning om høg leveringskvalitet, treng vi fokus og kompetanse på dette fagfeltet. Det er krav til rapportering av feil og avbrot via programmet FASIT, kor óg KILE blir berekna. Fagansvar for FASIT vil ligge til denne stillinga. Dersom du har lyst å jobbe med leveringskvalitet, er dette stillinga for deg!
BKK har lang erfaring og gode rutinar på denne type analysar og registreringsarbeid, men treng nå ein ny medarbeidar til å utføre og utvikle analyse- og rapporeringsarbeidet.
Stillinga er plassert i seksjon Driftskontroll og analyse, divisjon Drift og vedlikehold. Arbeidsstad er Bergen.
Arbeidsoppgåver:
- Feilanalyse
- Ansvar for analyse av alle driftsforstyrrelser i regionalnettet ihht. forskriftskrav.
- Ansvar for analyse av spesielle driftsforstyrrelser i distribusjonsnettet ihht. interne krav.
- Bidra til å bruke driftsforstyrrelser til læring og feilhandtering på Nettsentralen og i BKK.
- Samarbeide med fagansvarlege på Nettsentralen og vernpersonell på Stasjoner og kontrollanlegg.
- Samarbeide med releplanleggere i seksjonen. Bruk av PSS Sincal (Power System Planning and analysis software) til konsekvensanalyse og forbetring.
- FASIT
- Fagansvar for FASIT (Feil- og avbruddsstatistikk i totalnettet).
- Utføre registrering, godkjenning og rapportering via FASIT ihht. forskriftskrav.
- Systemarbeid i FASIT (grensesnitt KIS-system, ADMS, Power BI, Integrasjonsplattform, leverandørar og ved oppgraderingar).
- Ansvar for korrekt registrering av data på alle spenningsnivå (kontroll og datakvalitet).
- Ansvar for rapportering av nøkkeltal frå FASIT (KILE, utetid etc.).
- Bistå med informasjon om feil og avbrudd ved kundeklager.
- Samarbeide med Teknologi og utvikling på dataframstilling og effektivisering.
- Spenningskvalitet
- Ansvar for oppfølging av spenningskvalitet i våre målepunkt, analyse og rapportering til Statnett via PQ View ihht. Forskriftskrav.
Kvalifikasjonar:
- Master evt. bachelor innan elkraftteknikk (Energi og miljø).
- Erfaring innan feilanalyse, vern og releplanlegging vil bli vektlagt.
- Erfaring innan drift vil bli vektlagt.
- Digitale ferdigheiter, ifht. datainnsamling og -forståing.
- Analytiske evner.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Kjennskap til vern og releplanar, samt drift av kraftsystemet vil vere ein stor fordel. Det vil vere eit tett samarbeid med fagpersonar innan drift og releplanlegging. Den som tiltrer vil bli sikkerheitsklarert.
Om du ynskjer meir informasjon eller har spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: 5020 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
regionalnett, elkraftteknikk, releplanlegging, feilanalyse, distribusjonsnett
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322806544
- Sist endret