Engineer/ Senior Engineer Hull Structure
Ulstein Group
- Frist 29.10.2023
Engineer/ Senior Engineer Hull Structure
Vil du vere med å bidra til utvikling av framtidas berekraftige skip?
ULSTEIN Design & Solutions jobbar kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Vår ekspertise og kreativitet gir industrien nye innovative design, løyser utfordringar og bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi gjer dette ved å designe og gjennomføre prosjekt med fokus på miljø, kostnadseffektivitet, pålitelegheit og den totale livssykluskostnaden for produktet.
Ulstein Design & Solutions si oppdragsmengd er aukande, og vi ser etter ein motivert ingeniør . Stillinga vil vere ein del av eit spanande fagmiljø med interessante og varierte oppgåver innanfor nybygg, samt ulike oppdrag for seilande skip. Du vil bidra til tverrfagleg utvikling og engineering av designa våre, med gode moglegheiter for profesjonell og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø.
Vi ser etter deg som har genuin interesse for å jobbe med struktur og konstruksjon av skip. Vi søker ein person som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver
- Design og prosjektering av skrogstruktur i ulike prosjektfasar:
- Kjend med krav til skrogstruktur og vurdering av potensiell påverking
- Berekne, utvikle og optimalisere skrogstruktur, og klargjere nødvendig teknisk dokumentasjon for godkjenning av enten klasse, eigar og/eller verft som oppfyller byggespesifikasjonar og krav
- Gi støtte relatert til byggekrav, produksjonsplanlegging og detaljerte løysingar
- God forståing av skrogkonstruksjonar
- Bruk av 3D-verktøy for å utvikle gode løysningar av skrogkonstruksjon
- Fungere som disiplinleiar
- Delta og bidra med kunnskap internt og i kontakt med klasse, myndigheiter og kundar
- Bidra til utvikling og forbetring av metodar, standardar, prosedyrar og tekniske løysningar
- Noko reiseaktivitet må påreknast
Kvalifikasjonar
- Teknisk utdanning (gjerne BSc/MSc), eller tilsvarande relevant erfaring
- Kjennskap til ulike klasse- og myndigheitskrav
- God kunnskap om CAD-programvare og verktøy for berekning av strukturell styrke
- Kunnskap og erfaring med skrogkonstruksjon er ein fordel
- Evne til å jobbe på tvers av fagområde er ein fordel
- Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Vilje til å søke ny kunnskap og dele erfaringar
- God evne til å løyse komplekse problemstillingar
Vi tilbyr
- Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsavtale
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
- Sted: Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
- Stillingsfunksjon: Strukturingeniør
Nøkkelord
struktur, skipsbygging, skipsdesign, maritim, utrustning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322794729
- Sist endret