
Overlege i hud- og veneriske sjukdomar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.10.2023
Overlege i hud- og veneriske sjukdomar
Vil du bli med på laget vårt?
Vi har ledig fast stilling for overlege i hud- og veneriske sjukdomar. Hud poliklinikk har 7 tilsette, derav to legestillingar. Seksjonen er godkjent som utdanningsinstitusjon innan dermatologi. Seksjonen dekker Nordmøre og Romsdal. Vi har eining for lysbehandling, Vi gir også lysbehandling i Molde. Seksjonen har ikkje senger og ingen vaktberedskap.
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av alle typar hudsjukdommar
- Interne tilsyn ved Kristiansund og Molde sjukehus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent spesialitet innan hud- og venerologiske sjukdommar
- Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og pasientorientert
- Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Visste du dette om Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Hud, Lege, Overlege
Nøkkelord
overlege, hudsykdommer, venerisk, fast, kristiansund
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322779320
- Sist endret