
Site-safety Coordinator
Randstad AS
- Frist Snarest
Sikkerheitsfokusert person søkjast til spennande prosjekt!
På vegne av vår kunde Nordic Bulk AS søkjer vi Site Safety Coordinator (SSC), til Engebø-prosjektet i Førdefjorden.
Nordic Bulk AS er ein av Noregs leiande leverandørar til knuseverk- og prosessindustrien. Dei siste 30 åra har vi vore så heldige å få bygge anlegg i Noreg, Sverige og på Island. På den tida har vi lært at det kun er éin måte å bygge tillit; ved å levere det vi lovar – og så litt til. Vi har lang erfaring innan produktutvikling, design og leveranse av ulike industrianlegg og maskiner.
Vi har kontinuerleg fokus på sikkerheit i samtlege delar av våre prosjektleveransar. Som Site Safety Coordinator vil di rolle vere å sikre at alt arbeid følger retningslinjer for sikkerheit, og at ein overheld alle forskrifter knytt til HMS/KS regulativ. Vi er på jakt etter ein deg med erfaring frå bygg og anlegg, som har kompetanse innan HMS, og som kan ta ansvar for sikkerheit på byggeplassen fram mot ferdigstilt prosjektleveranse. Prosjektleveransen for Nordic Bulk til Engebøprosjektet, og følgeleg prosjektstillinga som SSC, er forventa avslutta i Oktober 2024.
Arbeidsoppgåver:
- Gjennomføre SJA analyser og risikovurderingar
- Kontrollere at arbeidet vert utført i tråd med planar og retningslinjer
- Sikre at alle tilsette følgjer sikkerhetsforskrifter- og rutiner
- Samarbeide tett med prosjektleiar og teamet på byggeplassen
- Delta i koordineringsmøter med Nordic Mining (Nordic Rutile and Garnet AS), og andre relevante partar
- Utføre naudsynte inspeksjonar og oppfølgingsaktivitetar på byggeplassen
- Vere synleg og tilgjengeleg for alle som jobbar på byggeplassen
Kvalifikasjonar:
- Erfaring frå industri, bygg og anlegg
- Kunnskap om arbeidsmiljølova og forskrifter innan bygg og anlegg
- Grunnkurs innan HMS
- Evne til å kommunisere tydeleg og samarbeide med ulike team og nasjonalitetar
- Sjølvstendig og ansvarsfull
Arbeidstid:
Du vil vere fysisk til stades på byggeplassen i gjennomsnitt 3 dagar i veka, med resterande tid brukt til administrasjon frå heimekontor. Alternativt er det høve til ei 60% stilling, med oppmøte på site tilsvarande stillingsprosent.
Vi oppfordrar lokale kandidatar til å søkje, men det er også mogleg å bu i brakkebyen - det opnar seg då ei moglegheit for å vekependle.
Oppstart omgåande, og stillinga vil vare fram til prosjektets slutt.
Engasjement gjennom Randstad
Dette engasjementet er tilgjengeleg gjennom Randstad, ein påliteleg bemanningspartnar. Hjå oss får du meir enn berre ein jobb. Du får:
- Verdifull arbeidserfaring
- Løn som tilsvarar fast tilsetjing i bedrifta ein jobbar i
- Muligheit for langvarige oppdrag
- Ein sjanse til å byggje nettverk og kome tett på våre kundar
- Med Randstad som arbeidsgjevar, blir du behandla med rettferd og respekt
- Personleg oppfølging med eigen kontaktperson i Randstad, og alltid ryddige arbeidsforhold
- Tilgong til vårt eksklusive fordelsprogram, Randstad 4u
Vi ser fram til å motta din søknad så snart som mogleg, då vi vurderar søknadane fortløpande.
Send din CV og ein kortfatta søknad.
Har du spørsmål så kan du kontakte Regine Gausemel i Randstad.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
I 2019 hjalp vi mer enn to millioner kandidater med å finne en meningsfylt jobb hos en av våre 280 000 kunder. I tillegg ga vi opplæring til mer enn 350 000 mennesker.
Randstad har en tilstedeværelse i 38 land over hele verden, og har en topp-tre markedsposisjon i halvparten av disse. I 2019 hadde Randstad i gjennomsnitt 38 280 egne ansatte og en omsetning på 23,7 mrd Euro. Randstad ble etablert i 1960 og har hovedkontor i Diemen i Nederland. Randstad N.V. er notert på NYSE Euronext. For mer informasjon, se www.randstad.com og www.randstad.no
- Sted: Engebø, 6800 Førde
- Bransje: Bygg og anlegg, Håndverkstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Håndverker, HMS, Sikkerhet
Nøkkelord
Sikkerhetsansvar, HMS og verneombud, SJA, Sikkerhet og HMS, HMS-ansvarlig
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322779034
- Sist endret

