Førstekonsulent/rådgivar
Nærings- og fiskeridepartementet
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Førstekonsulent/rådgivar til Havbruksavdelinga, Seksjon for havbruksforvaltning
Førstekonsulent/rådgivar i Havbruksavdelinga, Seksjon for havbruksforvalting
Om avdelinga
Havbruksnæringa er ei av Noregs viktigaste eksportnæringar, og betyr mykje for verdiskaping og aktivitet langs heile kysten. Havbruksavdelinga har i overkant av 20 tilsette, og her får du jobbe med forvalting og utvikling av denne framtidsretta næringa. Seksjon for havbruksforvalting skal utvikle og forvalte rammeverket for etablering og operasjonell drift av havbruksaktivitet, mellom anna innsatsfaktorar, miljøtilhøve og berekraft i havbruksnæringa som rømming, forureining og utslepp, fiskehelse og -velferd, teknologi, fôr og GMO. Seksjonen arbeider og med areal- og plansaker i sjøområda.
Arbeidsoppgåver
Seksjon for havbruksforvaltning søkjer etter ein person som skal arbeide med saker på mellom anna miljøpåverking frå havbruk, avhengig av bakgrunn og erfaring. Tilsettinga skal styrke seksjonen sin kapasitet og kompetanse, og stillinga vil til dømes handle om å leggje til rette for biologisk/økologisk berekraftig vekst, og auka dyrevelferd i havbruksnæringa. Du vil ha tett fagleg kontakt med mellom anna Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, miljømyndigheitene og relevante forskingsmiljø. I tillegg vil du hjelpe til med førebuing av saker, møter og reiser for den politiske leiinga i departementet, og du kan og verte sett til eit stort spenn av oppgåver på avdelinga sitt område.
Kvalifikasjonar og personlige eigenskapar
Vi søkjer deg som har følgjande bakgrunn og eigenskapar:
Vi søkjer ein person med stort engasjement og interesse for havbruksnæringa. Du har kompetanse på masternivå eller høgare innan marinbiologi eller anna relevant livsvitskap eller realfag. Søkjar bør ha godt utvikla evne til å tenkje sjølvstendig og kome med nye idear, og vi legg og vekt på interesse for havbruksnæringa som ein av Noregs bærande framtidsnæringar. Kjennskap til næringa og dei relevante kunnskapsmiljøa er ein fordel. Du må ha god evne til å utrykke deg skriftleg og munnleg, og bør ha gode engelskkunnskapar. Du må vere triveleg og samarbeidsvillig som kollega, vere klok og analytisk, ha høg arbeidskapasitet, tole stress og ha evne til å gjennomføre. Relevant erfaring er naudsynt for tilsetting som rådgivar.
Personleg eignaheit vil bli lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- fast stilling som førstekonsulent/rådgivar
- lønsplassering ut frå kvalifikasjonar og erfaring innan spennet som førstekonsulent kr 530 000 per år og som rådgivar kr 550 000 - 700 000 per år
- interessante, utfordrande og nyskapande arbeidsoppgåver i eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling og fagleg oppdatering
- fleksibel arbeidstidsordning og betalt overtid
- høve til trening i arbeidstida
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- kontorstad: Kongens gate 8, i Oslo sentrum, men vi legg også til rette for heimekontor
Praktisk informasjon
Nærare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør Vegard Haukeland på tlf. 92 61 66 15.
Ein kan sende elektronisk søknad via lenka "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må ein fylle inn i det elektroniske skjemaet og vitnemål og attestar må leggjast ved.
Søknadsfrist er 29. oktober 2023.
Annet
Me gjer merksam på at jfr. offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Søkjarar som opplyser at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, gjer vi merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkføremål i samband med regjeringa si inkluderingsdugnad dersom vedkommande blir tilsett.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kongensgate 8, 0153 Oslo
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322772807
- Sist endret