Engineer Accommodation
Ulstein Group
- Frist 29.10.2023
Engineer Accommodation
Vil du vere med å bidra til utvikling av framtidas berekraftige skip?
ULSTEIN Design & Solutions jobbar kontinuerleg for å innovere, engasjere og avansere. Vår ekspertise og kreativitet gir industrien nye innovative design, løyser utfordringar og bidreg til langsiktig konkurransekraft. Vi gjer dette ved å designe og gjennomføre prosjekt med fokus på miljø, kostnadseffektivitet, pålitelegheit og den totale livssykluskostnaden for produktet.
Ulstein Design & Solutions si oppdragsmengd er aukande, og vi ser etter ein motivert ingeniør. Stillinga vil vere ein del av eit spanande fagmiljø med interessante og varierte oppgåver innanfor nybygg, og ulike oppdrag for seilande skip. Du vil bidra til tverrfagleg utvikling og engineering av designa våre, med gode moglegheiter for profesjonell og personleg utvikling i eit internasjonalt miljø.
Vi ser etter deg som har bakgrunn frå, og genuin interesse for å jobbe med skipsinnreiing og arrangement knytt til sikkerheit på skip, og som ønsker å ta eit ekstra ansvar innanfor fagområdet innreiing. Vi søker ein person som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta klasse- og flaggkrav i designet og utarbeide arrangement og planar (t.d. rømning, brannsoner) i henhold til tekniske spesifikasjonar
- Koordinerande funksjon mellom våre kundar og vår prosjektorganisasjon, samt oppfølging mot klasse
- Utarbeide detaljerte arrangementsløysingar (2D/3D)
- Arbeide tett med eigne designarar og eksterne aktørar
- Utarbeide og vidareutvikle metodikk, standardar, tekniske løysingar og prosedyrar
- Bidra med støtte og kvalitetssikring av konseptutvikling
- Utarbeide plan og prising av nye prosjekt innanfor innreiing
- Noko reiseaktivitet
Kvalifikasjonar
- Høgskule/Universitet – Bachelor-/Mastergrad, innanfor maritime fag
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- God erfaring innanfor innreiing av skip
- Kjennskap til og forståing for kompleksiteten og samspelet mellom fagdisiplinar
- Kunnskap om forskjellige klasseselskap sine regelkrav og SOLAS sine krav om sikkerheit ombord i skip
- Erfaring med modellering i 2D/3D verktøy som Autocad, CADMATIC, REVIT eller tilsvarande program er ein fordel
- Gjerne tidlegare prosess/fag-ansvar
- Gode språkkunnskap i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Vilje til å søke ny kunnskap og dele erfaringar
Vi tilbyr
- Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår
- Fleksitidsavtale
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Design & Solutions AS utviklar ei rekke prisvinnande skipsdesign og systemløysingar. I tillegg tilbyr selskapet tenester innan engineering, prosjektstyring og siteoppfølging for skipsbygging. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
- Sted: Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Brannsikkerhet, Ingeniør, Marinteknikk / Naval architecture
Nøkkelord
innredning, ingeniør, accommodationa, skipsdesign, interiør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322713257
- Sist endret