Senior Innkjøpar
Ulstein Verft AS
- Frist 19.10.2023
Senior Innkjøpar
Ulstein Group har aukande aktivitet og søkjer derfor etter ein senior-innkjøpar til vårt innkjøpsteam. Ulstein Verft ser etter deg med personleg driv til å planlegge og gjennomføre prosjekt/innkjøp du har ansvar for. Som senior-innkjøpar vil du vere ein del av teamet som skal utvikle innkjøpsfunksjonen vår vidare.
Arbeidsoppgåver
Ivareta Ulstein sin innkjøpsprosess
Utarbeide, forhandle og kvalitetssikre innkjøpskontraktar - teknisk, kommersielt og juridisk
Koordinere innkjøpsplanar
Kommersielt ansvarleg for innkjøp i salsprosjekt og tildelte gjennomføringsprosjekt
Kvalifikasjonar
Erfaring innan innkjøpsarbeid frå verft, leverandør eller reiarlag (minimum 3 år)
Høgare relevant utdanning eller tilsvarande arbeidserfaring
Effektiv i bruk av relevante IT-løysingar
God teknisk forståing
Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Engasjert og interessert
Sjølvstendig og serviceinnstilt
Effektiv og nøyaktig
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode forhandlingsevner
Vi tilbyr
Ein utfordrande og variert arbeidskvardag
Moglegheit til å jobbe med ny teknologi
Eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling
Fleksitidsordning
Gode pensjons- og forsikringsordningar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
Purchasing,, Innkjøp,, Forhandlinger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322673645
- Sist endret