Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Om stillinga
Har du lyst å jobbe med forureiningssaker? Miljøavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgjevar/overingeniør eller senioringeniør/seniorrådgjevar på forureiningsseksjonen. Det vil vere søkjarane sine kvalifikasjonar og preferansar som vil bestemme kva kontorstad stillinga vil bli knytt til (Bergen eller Leikanger).
Statsforvaltaren er styresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova for desse bransjane.
Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande arbeidskvardag hjå oss. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har i dag 46 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med kontor på Leikanger og i Bergen.
Søknadsfristen er 31. oktober 2023.
Arbeidsoppgåver
- Handsame søknadar om utslepp frå industri, mellom anna næringsmiddel, inkludert fiskeforedling, akvakultur, kommunalt avløp og kjemisk og mekanisk industri
- Gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
- Godkjenne eigenkontrollrapportar frå verksemdene og kommunane
- Handsame klager på kommunale vedtak og forureining
- Ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
- Rettleiie offentlege og private aktørar om miljøregelverket
Vi har eit breitt arbeidsfelt og jobbar med mange spennande fagområde. Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova. Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Det må påreknast ein del reiseverksemd rundt i fylket.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanning
- Det vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltning
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande
- Fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan forureining
- Omgjengeleg i samarbeid med andre
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å ta initiativ og gjennomføringsevne
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 550 000-650 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av
- miljødirektør Kjell Kvingedal på telefon 55 57 23 12/mobil 975 04 050 eller e-post kjell.kvingedal@statsforvalteren.no
- seksjonsleiar Sissel Storebø på telefon 55 57 23 17/mobil 928 27 86 eller e-post sissel.storebo@statsforvalteren.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Saksbehandler, Vann- og miljøteknikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322649185
- Sist endret