
Fast stilling - Fagansvarleg ingeniør Poliklinikk og PNA
Helse Fonna HF
- Frist 19.11.2023
Fast stilling - Fagansvarleg ingeniør
Laboratoriet Stord er ein del av Avdeling for Laboratoriemedisin, som eit av seks laboratorier, i Helse Fonna. Vi er eit akkreditert laboratorium med døgnkontinuerleg drift og utfører analysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi og transfusjonsmedisin. I tillegg tappar vi blodgivarar, og tar blodprøvar både på inneliggande pasientar og i poliklinikken vår. Laboratoriet har eit positivt, inkluderande miljø, med fagleg dyktige og hyggelege medarbeidarar.
Vi styrkar nå bemanninga vår med ein fast 100 % stilling, og håpar at DU vil søke. Fagområdet Poliklinikk og PNA inbefattar ansvar for den polikliniske drifta, i tillegg til ansvar for paseintnære analyseinstrument. Oppstartsdato i januar 2024 eller etter avtale. Stillingen inngår i rotasjon med 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledig, vennligst oppgi i søknad dersom dette er av interesse.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 50.000 innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og har aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/Flesland og sørover til Stavanger. Det er også flyplass på Stord, med god kommunikasjon til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking
- Delta i laboratoriets rutinearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi, samt tapping av blodgivarar
- Inngå i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg
- Fleksibel, rasjonell og kvalitetsikret drift av ansvarsområdet.
- Fordele og evt å delegere arbeidsoppgaver innenfor ansvarsområdet.
- Ansvar for medisinsk teknisk utstyr innenfor fagområdet og for samarbeid med ingeniør fra Avdeling for Medisinsk teknikk.
- Bestillinger av forbruksvarer til fagområdet.
- Å delta i beslutningsprosesser angående innkjøp av utstyr, reagenser, samt delta i beslutningsprosesser der metodevalg inngår.
- Utprøving og verifisering av nye metoder/ nytt utstyr.
- Skrive og ajourføre nødvendige prosedyrer innenfor ansvarsområdet.
- Jobbe for felles rutiner innen samme fagområde i avdelinga
- Delta i avvikshåndtering innenfor ansvarsområdet.
- Ansvar for å fordype seg innenfor fagområdet og på den måten være en bioingeniørfaglig ressurs for Avdeling for Laboratoriemedisin.
- Opplæring av ansatte, samt å autorisere personell til arbeidsoppgaver innenfor ansvarsområdet.
- Bistå kollegaer.
- Nært samarbeid med eksterne og interne partnere for å oppfylle laboratoriets mål herunder.
- Arbeide for et godt og sikkert arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Erfaring innan arbeid på medisisnk biokjemi laboratorium vil vere ein fordel
- Du beherskar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, ansvarsbevisst og har gode samarbeidsevner
- Du har høg arbeidsmoral og sterkt fagleg engasjement
- Du trives i eit arbeidsmiljø med høg aktivitet
- Du har evne til å raskt tilpasse deg endringar og behov
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit inkluderande miljø, med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar
- Varierande arbeidsoppgåver
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
Nøkkelord
Fagansvarlig, ingeniør;, poliklinikk;, bioingeniør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322557129
- Sist endret