Barnehagelærar, barnehageassistent og tilkallingsvikar
Leiketun barnehage AS
- Frist 29.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Leiketun barnehage søkjer nye medarbeidarar
Då to av våre tilsette går over i anna arbeid / går av med pensjon, søkjer vi nye medarbeidarar som kan gå inn i desse stillingane. I tillegg treng vi fleire ringevikarar.
Leiketun barnehage har ein organisasjonskultur prega av fagleg kvalitet, engasjement, rausheit og humør. Er du ein person som brenn for å skape ein varm og inkluderande barnehage der alle barn får dei beste mulegheiter til å utvikle seg gjennom leik og samspel? Er du ein person som set fagleg fokus og profesjonalitet høgt? Då kan dette vera jobben for deg.
Stilling A: Barnehagelærar
Arbeidsoppgåver:
· Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa og bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
· Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna.
· Planleggja, gjennomføra, dokumentera og evaluera pedagogisk arbeid i barnehagen
· Bidra aktivt til eit godt foreldresamarbeid
· Halda deg fagleg oppdatert og vera ein god rollemodell
Kvalifikasjonar
· Godkjent høgskoleutdanning som barnehagelærar, førskolelærar eller anna høgskoleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
· Arbeidserfaring frå barnehage.
Stilling B: Assistent/ barne- og ungdomsarbeidar
Arbeidsoppgåver:
· Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa og bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
· Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna.
· Ansvar for praktiske arbeidsoppgåver og gjennomføra dei saman med personalet i barnehagen
· Vera med å planleggja den daglege verksemda og gjennomføra den saman med personalet.
· Bidra aktivt til eit godt foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar:
· Praksis frå barnehage/arbeid med barn eller utdanning som barne og ungdomsarbeidar
· Gode norskkunnskapar.
· Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må ha avlagt ein norskprøve.
I tillegg må dei ha oppnådd nivå A2 på delprøven i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvane i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
Stilling C: Ringevikar
Arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar som stilling B
For alle stillingane:
Politiattest må leggjast fram før jobbstart.
Personlege eigenskapar:
· Høg relasjonell kompetanse og gode kommunikasjonsevner i møte med foreldre, barn, tilsette samt andre faglege instansar.
· Faglege ambisjonar og hjarte for å jobbe med og for barn.
· Engasjert og godt humør i møte med små og store.
· Gode samarbeidsevner.
· Løysingsorientert, endringsvillig og fleksibel.
· Trivsel gjennom travle dagar, uventa hendingar og stadige endringar.
· Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi kan tilby:
· Lønn etter gjeldande PBL-tariff
· Pensjonsordning i Storebrand
· Gode kollegaer og ei flott barnegruppe
Om arbeidsgjevar
Leiketun barnehage ligg sentralt på Frekhaug og er eigd av Frekhaug indremisjon . Visjonen vår er: Trivsel, glede, leik og læring. Vi ønskjer å ha fokus på nestekjærleik og omsorg for kvarandre, og at barna skal bli sett og kjenne at dei er verdifulle og elska. Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf og dei som vert tilsett må arbeida i tråd med denne.
Barnehagen har 6 avdelingar og har store lyse rom som gjev mulegheiter for ulike aktivitetar. Leiken har ein sentral plass i Leiketun som ligg nær natur med gode leike- og turmulegheiter. Vi har fokus på kunst, kultur og skapande aktivitetar, og barna blir kjende med ulike kunstnarar i løpet av tida i barnehagen. Avdelingane våre har fått namna Grieg, Munch, Ibsen, Hagerup, Picasso og Da Vinci.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Wenche Øpstebø, tlf.: 40448698, E-post: adm@leiketun.no
Søknad med CV vert å sende til: adm@leiketun.no innan 29. oktober 2023
Tilsetjing frå 1. desember 2023 eller etter avtale.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Holtermandsvegen 2b, 5918 Frekhaug
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehageassistent, Barnehagelærer, Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnehage, tilkallingsvikar, barnehagelærer, barne/ungdomsarbeider, pedagogisk leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322504676
- Sist endret
