Booking- og salskonsulent
Universitetet i Stavanger
- Frist 05.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Booking- og salskonsulent
Booking- og salskonsulent
Om stillinga
Universitetet i Stavanger har ledig stilling som booking- og salskonsulent ved Arkeologisk museum, Avdeling for formidling. Stillinga er ledig frå 1. januar 2024.
Arkeologisk museum tilbyr spennande aktivitetar, opplevingar og arrangement for store og små grupper heile året. Som booking- og salskonsulent vil du arbeide i flotte kulturhistoriske omgivnader ved museets lokalar på Våland og på Jernaldergarden, Ullandhaug. Stillinga er todelt mellom arbeidsområdane booking og museumsbutikk/resepsjon. Du skal arbeide med booking av arrangement/omvising, innkjøp og sal i museumsbutikken, og informasjons- og resepsjonsarbeid.
Vi søker deg som er imøtekommande og serviceinnstilt, som vil bidra til ei unik oppleving for våre besøkande, som med initiativ og interesse vil vidareutvikle museumsbutikkane og samtidig vera ein del av eit godt og dedikert arbeidsmiljø.
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknas.
Hovudoppgåver
- booking og sal av formidlingstilbod
- planlegging, oppfølging og gjennomføring av arrangement, og korrespondanse rundt arrangementet med kundegrupper i samband med all utleige.
- cruiseadministrasjon i samarbeid med ansvarleg for cruiselogistikk
- fakturering og rapportering av arrangement, utleige, butikk og cruisebesøk
- sal og oppfølging i museumsbutikkane
- innkjøp til, og vidareutvikling av, museumsbutikkane
- delta i opplæring av nye verter
- resepsjons- og informasjonsarbeid
- inngå i og byggja nettverk innan reiseliv og turisme, og promotera museet i ulike samanhengar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelor-nivå innanfor relevant fagområde. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring frå sal og/eller kundebehandling, erfaring med booking og arrangement er ein fordel
- erfaring med og interesse for bruk av relevante IT-verktøy, det er ein fordel om du også har teknisk kompetanse knyta til blant anna AV, lyd, bilete, streaming og er motivert for å bidra med noko teknisk arbeid
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vidare blir det lagt vekt på at du:
- er serviceinnstilt, imøtekommande og ivaretakande
- trivast med å ta utfordringar på sparket og er fleksibel med tanke på oppgåver
- har kulturhistorisk interesse og kan knyta dette til arbeide
- trivast med å koordinera booking og butikk samstundes i ein travel kvardag
- har god økonomisk forståing
- trivast med å arbeide i team og har gode samarbeidsevner
- har god ordenssans og evne til å jobbe målretta og sjølvstendig
- har førarkort klasse B
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- ein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
- løn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408 førstekonsulent, kr 480.000 - 550.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsider
Mangfald
Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.
Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader. (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/#behandling-sokere)
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til seksjonssjef Bodil Irene Svendsen, tlf: 51832608, e-post: bodil.svendsen@uis.no.
Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Janne V. Endresen, tlf: 51831216, e-post: janne.v.endresen@uis.no
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Peder Klows gate 30A, 4010 Stavanger
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kundeservice, Resepsjon, Salg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322395018
- Sist endret