
Operativ ungdomsarbeidar
Time kommune
- Frist 17.10.2023
Operativ ungdomsarbeidar
I Time kommune skal Ungdomsteamet koordinera allereie eksisterande ressursar knytt til førebyggjande ungdomsarbeid. Teamet skal arbeida operativt og systematisk inn mot aldersgruppa 12-25 år. Målgruppa er spesielt ungdom med utfordringer knytt til rus, kriminalitet og åtferd. Ungdomsteamet kan òg ha ei rolle når ungdom treng til å meistra livet sitt og få hjelp til å finna rett instans som kan hjelpa. Nå treng me deg i 100 % fast stilling.
Arbeidsoppgåver
- Gje barn og ungdom i målgruppa tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og rettleiing i og utanfor heim og skule
- Bidra til å styrka barnet og ungdommens skuletilknytning, trivsel og meistring
- Samarbeida tett med barnet og ungdommens føresette
- Samarbeida tett med skule, andre verksemder og tenester, og leggja til rette for eit tverrfagleg arbeid
- Motivera og hjelpa barn og ungdom i målgruppa til å koma i kontakt med hjelpetenester som kan gje naudsynt hjelp og oppfølging
- Vera tilgjengeleg for barn og ungdom i målgruppa og til stades på deira arenaer
- Deltaking i samarbeidsmøter og ansvarsgruppemøter
- Saman med dei andre tilsette i Ungdomsteamet arbeida operativt og systematisk opp mot Ungdomsteamets generelle målgruppe
- Arbeidstid er hovudsakleg på dagtid, noko kveldsarbeid må påbereknast
- Bruk av eigen bil må påbereknast
Kvalifikasjonar
Bachelorgrad, gjerne som barnevernpedagog, sosionom eller tilsvarande. Erfaring frå arbeid med barn og ungdom i grunnskulealder samt samarbeid med skule vil verta vektlagt.
Personlege eigenskapar
Ungdomsteamet skal kjennetegnas ved at dei tilsette er profesjonelle, rause og framoverlente. Du har ein genuin interesse i barn og ungdom, og likar å vera med dei. Du har god relasjonskompetanse og er audmjuk, tydeleg, og raus i din kommunikasjon med barn, ungdom, deira føresette og samarbeidspartnarar. Du kan arbeida sjølvstendig, målretta, kreativt og fleksibelt. Du har gode samarbeidsevner og kan identifisera behov og moglege tiltak. Du er robust og trygg i møte med menneske som har ein tøff kvardag. Personlege eigenskapar og egnetheit blir vektlagt.
Vi tilbyr
- God pensjonsordning
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Kompensasjon for bruk av eigen bil
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom
Nøkkelord
Ungdomsarbeider,, ungdomsteam
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322364986
- Sist endret