Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør
Universitetet i Bergen
- Frist 24.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye systemutviklar?
Er du vår nye systemutviklar?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Med auka behov for brukarvenlege, sikre og stabile digitale løysingar for universitetet søkjer IT-avdelinga å styrke teamet som jobbar med dei digitale studenttenestene, til dømes UiBtreet og læringsplattformen Mitt UiB. Vi jobbar saman i team med stor bredde i arbeidsoppgåvene, og no er vi ute etter ein person som kan utfylle teamet og styrke kompetansen fagleg, teknisk og metodisk.
Vi oppfordrar nyutdanna til å søkje!
IT-avdelinga har om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Les meir om IT-avdelinga her. (https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib)
Arbeidsoppgåver:
- Du inngår som utviklar i eit produktteam som jobbar tett saman om løysingar innanfor det digitale læringsmiljøet.
- Di hovudoppgåve vil vere å delta i nyutvikling og vidareutvikling av UiB sine løysingar, både eigenutvikla og hyllevare
- Du og produktteamet må gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåver
- Du og produktteamet vil ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med andre relevante IT-ressursar frå avdelinga
- Bidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og anna fagmiljø ved IT-avdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Kompetanse på Linux-plattform for utvikling er eit krav
- Du er eller har interesse for å utvikle deg til å bli fullstackutviklar
- Erfaring med ein eller fleire av dei følgande teknologiane er ein fordel, men ikkje eit krav:
- container-teknologi som Docker, Kubernetes og Ansible
- PHP, JavaScript/Typescript og Python, gjerne med kompetanse på rammeverka Vue, React, Laravel eller Angular
- Du har forståing for IT-tryggleik og kjenner til krav til universell utforming av IT-løysingar
- Har gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarandekvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning. For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
Vi søkjar ein person som
- Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre gode
- Tar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanse
- Viser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige team
- Er arbeidsvillig og har gjennomføringsevne
- Kan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljar
Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du fortel oss kva du kan og kva du ønsker å arbeide med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.
Vi tilbyr:
- Ein kunnskapsrik, engasjert og fagleg utfordrande organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet
- Arbeidsplass i Bergen sentrum
- Gode moglegheiter for personleg vidareutvikling og kompetanseheving
- Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) med løn kr. 480 900-524 700, overingeniør (kode 1087) løn kr. 575 400-692 400, eller senioringeniør (kode 1181) løn kr. 646 000-745 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: produktområdeleiar Karianne Omdahl (karianne.omdahl@uib.no, mobil 41413368), eller underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46474644).
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
UiB er underlagd regelverk for eksportkontroll i vurderinga av søknader til stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322361416
- Sist endret