
Rådgiver
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet
- Frist 18.10.2023
Rådgivar
Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar i seksjon forureining og dekommisjonering. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er myndigheit og kompetanseorgan for atomtryggleik, all bruk av stråling, naturleg stråling, handtering av radioaktivt avfall og radioaktiv forureining. Mandatet vårt omfattar tilsyn, rådgiving, informasjon, kvalitetssikring, overvaking, målingar innan strålevern og atomtryggleik. DSA er også ansvarleg for den nasjonale atomberedskapen.
Ansvar for å utarbeide og utvikle planverk for akutt radioaktiv forureining ligg i seksjon forureining og dekommisjonering. Vidare har seksjonen ansvar for beredskapsarbeidet for akutt forureining i miljøsektoren og å koordinere samarbeidet med Kystverket. Vi søker ein medarbeidar som kan bidra spesielt i dette arbeidet. Du har gjerne god kunnskap om samfunnstryggleik og beredskap.
Atomverksemda i Noreg går over i ein ny fase. Du kan også bidra i arbeidet vårt med å planleggje for opprydding av atomanlegg, krav til nye lager for brukt brensel og avfallsløysingar for menneskeskapte radioaktive stoff. Her kan du vere med på ei av dei verkeleg store samfunnsutfordringane og skape ein forskjell for framtidige generasjonar.
Du vil raskt få ansvar for eigne oppgåver og område. Du vil samarbeide tett med andre seksjonar i DSA og andre relevante myndigheiter og aktørar. Du vil få nødvendig opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Forvaltning etter forureiningslova, inkludert DSA si rolle som sektormyndigheit for akutt radioaktiv forureining
- Samarbeid med Kystverket, Miljødirektoratet, statsforvaltarembetet, kommunar og andre involverte aktørar, med særleg vekt på beredskap
- Bidra til å rettleie og føre tilsyn med verksemder som har løyve etter forureiningslova frå DSA
- Utforme forvaltninga og utvikle regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall
- Gi råd til departementa om radioaktiv forureining og radioaktivt avfall, spesielt knytt til akutt radioaktiv forureining og kommunal beredskap
- Internasjonalt samarbeid på områda til seksjonen i regi av det internasjonale atomenergibyrået IAEA og OECD NEA, nordisk samarbeid og bilateralt samarbeid
- Bidra i DSA sin atomberedskapsstab
- Bidra i andre oppgåver i seksjonen ved behov
- Noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk/skandinavisk og engelsk
- Vitnemål/karakterutskrifter og relevante attestar skal lastast opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Fordel:
- Utdanning innan samfunnstryggleik og beredskap.
- Kunnskap og erfaring frå arbeid med atomberedskap, inkl. planlegging og gjennomføring av øvingar og samvirkekompetanse.
- Kunnskap om radioaktiv forureining og radioaktivt avfall, inkl., handtering av radioaktive kjelder og dekommisjonering.
- Kunnskap om transportregelverket for radioaktivt materiale.
- Relevant erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, sjølvstendig og ansvarsfull.
- Jobbar effektivt, ser løysingar og har god gjennomføringsevne.
- Fleksibel og rask til å setje seg inn i nye problemstillingar.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling med spennande utviklingsmoglegheiter og samarbeid med anerkjende fagmiljø nasjonalt og internasjonalt gode karrieremoglegheiter i eit interessant fagmiljø, i ein organisasjon i vekst.
- Målretta kompetanseheving og fagleg utvikling på ei rekkje område som tryggingsanalysar, dekommisjonering, handtering av brukt brensel og radioaktivt avfall, materiale og metodar for tryggingsvurderingar.
- Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Regulert arbeidstid, 1,5t trening i arbeidstida, fleksitid og moglegheiter for avspasering.
- Lønn etter Statens regulativ som rådgivar/seniorrådgivar 550.000 – 650.000. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir to prosent trekte til Statens pensjonskasse.
- 6 månaders gjensidig prøvetid.
Mangfald i DSA
I DSA trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring, fagkombinasjonar og perspektiv vil gjere oss i stand til å finne endå fleire gode løysingar på oppdraga våre. Vi oppfordrar derfor alle til å søke jobb hos oss utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala vi held til i, er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Vi oppfordrar deg til å krysse av for det dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn.
Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar. Vi vil også kalle inn minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, altså bli positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
Har du spørsmål om stillinga?
Viss du har spørsmål om stillinga, er du velkommen til å ta kontakt. Meir informasjon om DSA finn du på heimesida vår: www.dsa.no. Offentleg søkarliste vil ligge føre etter at søknadsfristen har gått ut. Dersom du ønsker å reservere deg mot å stå på offentleg søkarliste, må du grunngi dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren ber om å sleppe dette. Søkarar vil i så fall bli informerte før offentleggjeringa og vil ha moglegheit til å trekke søknaden.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om DSA
Direktoratet
for strålevern og atomsikkerheit, DSA, er underlagt Helse- og
omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet. Vi
er fag- og forvaltningsmyndigheit og arbeider for å redusere negative følger av
stråling i samfunnet. Vi jobbar for riktig og forsvarleg handtering av
strålekjelder, medisinsk strålebruk og radioaktivt avfall og utslepp. Vi
har også som oppgåve å sørge for at folk blir mindre utsette for radon
innandørs og for UV-stråling frå sol og solarium. Vi arbeider for auka
atomsikkerheit nasjonalt og internasjonalt og for ikkje-spreiing av radioaktivt
materiale. Vi er ansvarlege for den nasjonale atomberedskapen og for god
krisehandteringsevne. Vi er 130 tilsette, med hovudkontor på Østerås i Bærum og
ein seksjon i Tromsø og Pasvikdalen i Finnmark.
For meir
informasjon sjå www.dsa.no
- Sted: Grini næringspark 13, 1361 Østerås
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
Nøkkelord
Rådgiver, Viken, Miljø, Beredskap, Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322218619
- Sist endret