Vi søker nettverksrådgivar
Norec
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du ein relasjonsbyggar med god teknisk kompetanse?
Vi søker nettverksrådgivar
Om stillinga
Norec Network er eit nytt erfaringsnettverk for deltakarar som tidlegare har vore på utveksling gjennom eit Norec-prosjekt. I nettverket skal deltakarane få inspirasjon, dele idear, skape band og utvikle nye prosjekt og partnarskap som kan bidra i arbeidet med å nå FNs berekraftsmål.
Som nettverksrådgivar får du ansvar for både det praktiske og administrative i drifta av Norec Network, noko som mellom anna inneber utforming av innhald og kommunikasjon i nettverket. Du vil også arrangere nettverkstreff i ulike delar av verda nokre gongar i året.
Du blir ein del av seksjon for Kunnskap og læring. Seksjonen er sentral i Norec si formidling av utvekslingskompetanse, og du vil difor også ha oppgåver knytt til formidlingsarbeid opp mot andre målgrupper enn Norec Network. CRM-systemet vårt vil vere eit viktig arbeidsverktøy som du vil nytte systematisk for å skape betre relasjonar og interaksjonar med dei ulike målgruppene våre.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Administrere og drifte Norec Network
- Produksjon av innhald som til dømes e-læring
- Vidareutvikle CRM-systemet som Norec har
- Planlegge og gjennomføre nettverkssamlingar og arrangement for andre målgrupper
- Bygge nettverk med aktørar som har nytte av Norec som kompetansesenter
Kvalifikasjonar
- minst 3-årig relevant høgare utdanning, gjerne innan marknadsføring og kommunikasjon
- minst to års arbeidserfaring med liknande oppgåver
- god forståing for IT-prosessar, og kompetanse på Microsoft Dynamics eller liknande CRM-system moglegheit og lyst til å reise i jobben, både i innland og utland
- interkulturell kompetanse
- gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
I tillegg er det ein fordel om du har erfaring frå arbeid med:
- nettverksbygging og/eller alumni-arbeid
- tilrettelegging av kurs/undervisning
- produksjon av innhald som e-læring, nyheitsbrev, presseskriv kommunikasjon
- FNs berekraftsmål
Om deg
For å lykkast som nettverksrådgivar må du vere ein god formidlar, trivast godt med samarbeid og ta initiativ til nytenking og læring. Du bør også ha interesse for digital utvikling og må trivast i eit internasjonalt miljø. Det er mykje sjølvstendig arbeid i stillinga, så du må kunne prioritere og ha god gjennomføringsevne.
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi vil legge vekt på personleg integritet og evne til å vise respekt for andre.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
- ein arbeidsgivar som legg vekt på utvikling og kompetanseheving
- gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
- moglegheit for trening i arbeidstida
- høve til å søke om bustadlån i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ som rådgivar/kode 1434 frå kr. 548.600 - 646.000. Lønnsplassering vil avhenge av utdanning og erfaring.
Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Les dette før du søker:
- Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
- For søkarar som ikkje kan jobbe full stilling, vil det vere mogleg med ei arbeidstid mellom 75 og 100 %.
- Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Seksjonsleiar Kunnskap og læring, Øystein Garfors. E-post: oystein.garfors@norec.no. Telefon: +47 41 53 06 03
Seniorkonsulent HR, Nina Aas. E-post: nina.aas@norec.no. Telefon: +47 99 31 25 40
Søknadsfrist: 15. oktober 2023
Arbeidsstad: Førde
Startdato: 1. januar 2024 eller etter avtale
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fjellvegen 9, 6800 Førde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kurs og opplæring, Markedsfører
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321918046
- Sist endret