Ruskonsulent Ung
Psykisk Helse- og Rustenester
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Prosjekt
Ruskonsulent Ung
Har du eit stort hjarte og engasjement for ungdom?
Då er dette jobben for deg!
Bjørnafjorden kommune har fått tildelt midlar til eit 4 årig prosjekt knytt til oppsøkande arbeid mot ungdom. Vi skal lage eit team med forskjellig kompetanse, og søkjer difor etter ein ruskonsulent ung i 100 % stilling.
I tråd med nasjonale anbefalingar ser vi at oppsøkjande og ambulerande tenester opp mot den unge befolkninga er nødvendig å ruste opp. Vi i Bjørnafjorden kommune er heldige og har fått prosjektmidlar til oppsøkjande verksemd og er på utkikk etter ein person som har eit stort hjarta for ungdommane våre.
Vi søker ein engasjert person som ynskjer å vere med på å byggje opp eit robust og godt tilbod for ungdom i Bjørnafjorden kommune. Ein del av jobben er å finne ut av kva som rører seg i ungdomsmiljøa og tilpasse seg etter ungdommane sine behov og ynskjer..
Vi har spurt fleire ungdommar i Bjørnafjorden, og dei ønsker seg ein person som er;
- Tilgjengelig
- Morsom
- Pratsom
- Fleksibel
- Tolmodig
- Snill
- Sosial
- God på some
Kvalifikasjoner
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Erfaring med målgruppa
- Du må ha førerkort og det ein fordel om du disponerer eigen bil
- Ønskeleg med kompetanse innan rusfeltet.
Personlege eigenskapar
- Du er god på relasjonsbygging og kontaktetablering
- Du framstår som ein trygg og vennleg person
- Du er nysgjerrig på andre, tolmodig og open for at ikkje alle tenkjer det same som deg
- Du held avtalar, tar ansvar og har gode samarbeidsevner.
Det vil bli lagt særleg vekt på om du er personleg egna
Godkjent politiattest er påkrevd.
Arbeidstid:
Ungdommane våre ynskjer å treffe deg på ein fast plass, men også at du kan oppsøke dei og ta kontakt der dei oppheld seg.
Dei ynskjer at du er tilgjengeleg for dei der dei er og arbeid på ettermiddag, kveld og lørdager er ein del av denne jobben.
Det er då ungdommane ynskjer å sjå akkurat deg! Arbeidstid vil variere mellom dagtid, og noko arbeid på ettermiddag/kveld.
Vi tilbyr:
Du får vere med på å bygge eit nytt team i Bjørnafjorden kommune
Faglege og personlege utvikling i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Løn etter gjeldande avtalar.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Søknadar vil bli vurdert fortløpande.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
Ungdom, Ruskonsulent, Miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321743155
- Sist endret