Ingeniør/Senior Ingeniør stålutrustning
Ulstein Verft AS
- Frist 22.10.2023
Ingeniør/Senior Ingeniør stålutrustning
Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designer, byggjer og leverer løysningar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserar miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
Ulstein Verft har aukande aktivitet og søkjer derfor ingeniør/senior ingeniør stålutrustning i Engineerings avdelinga.
Stillinga omfattar arbeid som i hovudsak har støtte i tidlegare praksis eller underlag, med ulik kompleksitet der sjølvstendig vurdering er nødvendig.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk støtte i innkjøps- og produksjonsrelaterte saker
- 3D-konstruksjon
- 2D-AutoCad
- Utarbeiding av produksjons dokumentasjon frå 3D og 2D
- Saksbehandling mot rederi, klasse, myndigheiter, underleverandørar og kundar
- Ved behov gå inn i rolle som disiplinleiar for fagområde stålutrustning i prosjekt
- Koordinering og kvalitetssikring av arbeid fra innleide ressurser lokalt eller i utland
Kvalifikasjonar
- Ingeniørutdanning eller teknisk fagskule
- Ynskjeleg med erfaring frå skipsbygging/3D-konstruksjon
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Lang erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- God systemforståing og IT kompetanse
Personlege eigenskapar
- Faglig dyktig, sjølvdriven og engasjert
- Sjølvstendig og serviceinnstilt
- Effektiv og nøyaktig
- Ryddig og strukturert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Ein interessant og variert arbeidskvardag
- Moglegheit til å jobbe med ny teknologi
- Eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling
- Fleksitidsordning
- Gode karrieremoglegheiter for rette vedkomande
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321737321
- Sist endret