
Innkjøpskonsulent
Kvam herad
- Frist 12.10.2023
Vil du arbeida med varierte og utfordrande oppgåver innan innkjøp?
Som innkjøpskonsulent i Kvam herad vil du få arbeida med ei rekkje ulike oppgåver knytt til kommunen sine innkjøp. Du får ei koordinerande rolle i kommunen sine innkjøpsprosessar og får delta i alt frå bestillingar på eksisterande avtaler til gjennomføring av offentlege konkurransar, innkjøpsanalyser og oppfølging av leverandørar.
På sikt er det ønskjeleg at du utviklar kompetanse og erfaring til å sjølv kunne gjennomføra konkurransar og vera prosessleiar for offentlege anskaffingar. Du må og kunne ta rolla som superbrukar på kommunen sitt innkjøpssystem. Andre aktuelle oppgåver kan mellom anna vera knytt til oppdatering av strategiar og rutinar, gjennomføring av forhandlingar, intern opplæring og deltaking i innkjøpssamarbeid.
Me ser etter deg som er systematisk, løysingsorientert og effektiv. Du har ambisjonar og ønskjer å utvikla deg både fagleg og personleg. Me kan tilby varierte arbeidsoppgåver i eit spennande fagområde på tvers av organisasjonen. I denne jobben får du bidra til effektiv bruk av fellesskapen sine midlar, samstundes som du opparbeider brei kompetanse og erfaring innan innkjøpsfaget.
Stillinga inngår i kommunen sitt økonomiske og juridiske fagmiljø og rapporterer til økonomisjef.
Kvam herad forvaltar betydelege økonomiske ressursar. I 2022 var driftsutgiftene på 1 200 MNOK. Av dette utgjorde innkjøp ca 200 MNOK. I tillegg kjem investeringskjøp som i 2022 utgjorde ca 265 MNOK fordelt på 80 små og store investeringsprosjekt. Du kan lesa meir om dette i årsmelding for 2022.
Arbeidsoppgåver
Som innkjøpskonsulent får du ei koordinerande rolle i kommunen sine innkjøpsprosessar. Aktuelle arbeidsoppgåver er:
- Halda oversikt over og følga opp kommunen sine innkjøpsavtalar
- Tilrettelegga og gjennomføra offentlege anbods- og innkjøpsprosessar
- Arbeida i tverrfaglege innkjøpsteam saman med brukarar, einingsleiarar, teknologar, økonomar og juristar
- Analyse av innkjøpsportefølje og -prosessar for å identifisera gevinstar og forbetringsområde
- Brukar av kommunen si innkjøpsløysing (Mercell) og ehandelsløysing (Visma Enterprise)
- Delta i utvikling og kontinuerleg forbetring av verktøy, metodar, prosesser, styring, kompetanse og organisering av arbeidet
Arbeidsoppgåvene kan verta endra over tid i samsvar med kommunen sine behov og kandidaten si utvikling. Aktuelle oppgåver på sikt kan vera:
- Superbrukar av kommunen sine innkjøpsløysingar
- Prosessleiar for offentlege anskaffingsprosessar og forhandlingar
- Intern rådgjeving, opplæring og oppfølging knytt til innkjøp og avtalar
- Deltaking i innkjøpssamarbeid med andre kommunar
Kvalifikasjonar
Me søker deg som har:
- Relevant utdanning, gjerne innan økonomi, innkjøp eller logistikk på høgskulenivå
- Erfaring frå innkjøp, prosjektarbeid eller liknande er ein fordel, men nyutdanna vert og oppfordra til å søkja
- Gode IT-kunnskapar og systemforståing
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
- Sted: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
Innkjøp, Offentlige, anbud-, og, innkjøpsprossesser, Mercell, innkjøpsløsning, Norheimsund, Hardanger
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321716057
- Sist endret