
Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
Gloppen kommune
- Frist 30.10.2023
Teknisk rådgjevar for tilsyn med spreidde avløp
Vil du være med å bygge opp eit tilsynssamarbeid for byggesak og spreidde avløp i Nordfjord? Gloppen kommune har tatt på seg det viktige arbeidet med å følgje opp byggesak og spreidde avløp i regionen. Frå januar 2024 skal vi tilsette eit sterkt fagmiljø på Sandane som skal jobbe for å betre kvaliteten på vatn og miljø og bidra til tryggleik og god byggteknisk utføring av byggeprosjekt.
Vi skal tilsette i fleire stillingar og søkjer etter leiar, jurist, vatn- og avløpskompetanse, byggingeniør og miljørådgjevar. Tilsynet skal jobbe systematisk og målretta for å ivareta viktige samfunnsinteresser. Tilsynet vert oppretta som sjølvstendig teneste med kontorplass på Sandane, men skal ha tett samarbeid med fagmiljøa i alle kommunane.
Som teknisk rådgjevar vil du ha ansvar for tilsyn med spreidde avløp og saman med dei andre faga ha ei viktig rolle i å sikre gode vassmiljø i regionen.
Tilsetting frå 1.januar 2024, men vi ønskjer også at du søkjarar om du kan tiltre seinare.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre tilsyn med spreidde avløpssystem for å sikre at dei tekniske anlegga overheld miljøstandardar og reguleringar.
- Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar.
- Samarbeide med lokale myndigheiter og eigarar av avløpsanlegg for å fremme beste praksis og miljøomsyn
- Rapportere avvik og bistå i å finne pragmatiske løysingar innanfor krava
- Vurdere og dokumentere avløpsanlegg, og gi råd om nødvendige forbetringar.
- Delta i prosjektarbeid og opplæringsaktivitetar innanfor fagområdet.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning som VA-ingeniør eller fagbrev som røyrlegger
- Erfaring med planlegging, design og vedlikehald av VA-anlegg
- Kjennskap til VA-reguleringar og tekniske standardar
- God samarbeidsevne og evne til å løyse tekniske utfordringar
- Førarkort personbil
Personlege eigenskapar
- Engasjert og motivert til å bidra til betre miljøforvaltning og berekraftig samfunnsutvikling
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og som ein del av eit team
- Evne til å handtere komplekse saker og utfordringar på ein profesjonell måte
- Tar initiativ og liker å lære
Vi tilbyr
Vi tilbyr ein spennande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø. Du vil få moglegheit til å bidra til samfunnsutviklinga i regionen, hindre unødvendige utslepp og sikre godt vassmiljø i kommunane. Du vil få ein variert arbeidskvardag med kontorarbeid og fysiske tilsyn. Du vil få sjansen til å bli kjent med folk og bransjen i heile regionen og har gode moglegheiter for fagleg utvikling. Lønn etter avtale og fleksibel arbeidstid.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
- Sted: Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Bransje: Miljøtjenester, VVS
- Stillingsfunksjon: Rørlegger, Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
tilsyn, miljø, avløp
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321713666
- Sist endret