
Reinhaldar, Reinhaldsoperatør
Vestland fylkeskommune
- Frist 25.10.2023
Reinhaldar, Reinhaldsoperatør
Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.
Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedomsavdelinga har totalt ca. 370 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig fast 100% stilling som reinhaldar frå 01 desember 2023 i region Nord, for tida med oppmøte ved Stend Vidaregåande skule.
Stend vidaregåande skule ligg i Fana bydel i Bergen. På Stend har det vært skuledrift sidan 1866, og har i dag utdanningsprogramma idrett, service og samferdsel og naturbruk. I tillegg har vi allmenn påbygging til studiekompetanse. Skulen er eit eige gardsbruk, og vi har mange ulike læringsarenaer, og stor variasjon i opplæringstilboda. Skulen har omlag 550 elevplassar og 250 tilsette.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.
Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
- Reinhald i regionen ved behov
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar.
- Praktisk yrkeserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy
- Like å jobbe blant ungdom
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Fanavegen 249, 5244 Fana
- Bransje: Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
Nøkkelord
Reinhaldar,, Reinhaldsoperatør,, Renholder,, Renholdsoperatør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321634489
- Sist endret