Rådgjevar/spesialkonsulent bibliotekutvikling
Vestland fylkeskommune
- Frist 20.10.2023
Rådgjevar/spesialkonsulent bibliotekutvikling
Vestland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsstadene i fylket, med over 6000 tilsette.
Ønskjer du å arbeide i eit spanande og innovativt miljø med høve til å påverke samfunnsutviklinga innafor det bibliotekfaglege området? Då er kanskje dette stillinga for deg.
Vestland fylkeskommune søker etter rådgjevar/spesialkonsulent for 100% fast stiling i fageining for bibliotekutvikling.
Stillinga vil inngå i fageining for bibliotekutvikling på seksjon for kulturformidling, som er del av avdeling for kultur og folkehelse.
Fageininga har lokasjon både i Bergen og Førde, og den som vert tilsett får arbeidsstad Førde.
Fageininga forvaltar fylkeskommunen sin lovpålagde rolle på bibliotekområdet som tek i vare regionale oppgaver og regional utvikling, medrekna å gje råd til lokale myndigheiter, yte bibliotekfagleg rettleiing og assistanse, og arrangere møte og kurs om bibliotekspørsmål.
Vi ønsker å gjenspegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med variert arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss. Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid
for å oppnå eit meir inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk arbeid med regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling
- Bibliotekfagleg rådgjeving og assistanse til kommunane
- Leie og delta i bibliotekfaglege utviklingsprosjekt i samarbeid med kommunar og andre samarbeidspartar regionalt og nasjonalt
- Planlegge og arrangere møte, kurs og kompetansehevande tiltak for bibliotektilsette
- Andre arbeidsoppgåver som det er naturleg å legge til stillinga
Kvalifikasjonar
- Bibliotekfagleg kompetanse på minimum bachelornivå
- Anna relevant utdanning på hovudfag/mastergradnivå vil også bli vurdert
- Ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan bibliotekfagleg utviklingsarbeid, gjerne prosjektarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Likar å ta ansvar og kan jobbe sjølvstendig
- Kan arbeide strategisk med langsiktige mål for utvikling av biblioteksektoren i fylket
- Har god formidlingsevne og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar
- Systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
- Evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhenger
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i ein framoverlent organisasjon der du kan vera med å setta preg på utviklinga i Vestland fylke
- Eit inkluderande og sterkt fagmiljø
- Varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor for ein enklare kvardag
- Attraktive pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Moderne og trivelige kontorfasiliter
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk målform.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
- Bransje: Arkiv og bibliotek
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar
Nøkkelord
Bibliotekutvikling,, bibliotek,, offentleg, forvaltning,, rådgjeving
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321624940
- Sist endret