
Utvikling av lokalsamfunn - rådgjevar/seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 16.10.2023
Vil du arbeide med nærings- og samfunnsutvikling?
Vestland fylkeskommune sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling skal mellom anna bidra til å utvikle og styrke lokalsamfunna i fylket. Arbeidet blir gjort i samarbeid med kommunane, lokale lag og organisasjonar. Fylkeskommunen si rolle i arbeidet er å legge til rette for kunnskapsdeling gjennom møte og nettverk, prosjektarbeid og rådgjeving. I tillegg har vi ulike tilskotsordningar som kommunar og organisasjonar kan søkje støtte frå.
Vi søkjer no etter ein ny medarbeidar som saman med kollegar i fylkeskommunen skal ta del i dette arbeidet. Kontorstaden vert Leikanger eller Bergen.
Stillinga inngår i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, som er ein av fire fagseksjonar i vår avdeling for næring, plan og innovasjon.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiar for Liv og lyst, eit program for lag og organisasjonar som ynskjer å utvike staden der dei bur
- Ta del i eit prosjekt der målet er å vidareutvikle tenestene våre innan nærings- og samfunnsutvikling
- Arrangere samlingar og nettverk for å utvikle tenester og legge til rette for samarbeid
- Samle og formidle kunnskap om samfunnsutvikling
- Delta i andre prosjekt som fylkeskommunen leiar eller er med på
- Støtte kommunar og andre som arbeider med samfunnsutvikling
- Sakshandsaming og rådgjeving innan nærings- og samfunnsutvikling
- Skrive saker som skal gje grunnlag for politiske vedtak
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha relevant høgare utdanning, helst på masternivå. Søkjarar med høgare utdanning på bachelornivå og med lang og relevant erfaring kan også vere aktuelle for stillinga, men vert då formelt sett tilsett som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar.
Det er ein styrke med erfaring eller kjennskap til arbeid med nærings- og/eller samfunnsutvikling.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og positiv innstilling
- Evne til å ta initiativ og ansvar - og arbeide strukturert og sjølvstendig
- God på planlegging
- Sterk evne til gjennomføring
- Kreativ og løysingsorientert
- Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter avtale
- fleksibel arbeidstid
- stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Kontorstaden er fylkeshuset i Leikanger eller Vestlandshuset i Bergen
Andre opplysningar:
- Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse, Rådgivning, Saksbehandler
Nøkkelord
lokalsamfunn;, samfunnsutvikling;, næringsutvikling;, Vestland
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321615163
- Sist endret