
Jordmor
Helse Fonna HF
- Frist 22.10.2023
Jordmor
Jordmor? Saman kan me sjå på kva mogelegheiter og fleksible løysingar du kan få hjå oss!
Er du jordmor og ynskjer deg ein spennande og utfordrande jobb ved Odda sjukehus? Me har ledig 100% fast jordmorstilling fra 02.01.24. Me kan vera fleksible på stillingsprosent og du har stor påverknad på eigen turnus i kalenderplan.
Er det viktig for deg med fokus på kontinuerleg kvalitetsforbetring og godt tverrfagleg samarbeid? Då bør du søkje på denne jobben
Kven er du?
Du er utdanna jordmor og ynsker ein fleksibel kvardag kor du kan variere mellom svangerskapsomsorg, svangerskaps- og barselpoliklinikk, barselavdeling og gynekologisk poliklinikk. I tillegg har du som jordmor vaktberedskap med følgeteneste. Me ser for oss at du har den naudsynte tryggleiken ovanfor pasientar og deira pårørande. Dette er ein perfekt jobb for deg som ynsker å følgje mor gjennom heile svangerskapet og den nybakte familien under barselopphaldet til dei reiser heim.
Kven er me?
Jordmortenesta har ansvar for svangerskapskontrollar for gravide i Ullensvang kommune. Vi følger opp ca 100 gravide kvart år. Odda sjukehus har ikkje fødeavdeling men jordmor har heimevakt for å ivareta beredskap og følgeteneste av fødande til fødeavdeling ved Haugesund sjukehus. Avdelinga har et føderom for å kunne ta hand om akutte fødslar. Vi har barselavdeling og barselpoliklinikk for mor og barn. Jordmortenesta er prega av høg kompetanse med fokus på faglege og dyktige medarbeidarar. Simulering er sett i system og bidrar til å auke og oppretthalde kompetanse. Me har kalenderplan, noko som gir stor fleksibilitet i planlegginga av vakter. Jordmødrene har 4 fagdagar og 6-9 hospiteringsdagar ved fødeavdelinga på Haugesund sjukehus innlagt i kalenderplan. I dag er me 4 jordmødre og 4 barnepleiarar som jobbar ved avdelinga. Det er svært godt samhald og samarbeid mellom jordmødre og barnepleiarar. Me behaldlar kvarandre, pasienter og pårørende med kvalitet, trygghet og respekt. Me har et godt arbeidsmiljø, der alle bidreg for å bevare og videreutvikle arbeidsplassen. Avdelinga er delvis oppussa og har lyse, fine lokale.
Arbeidsoppgåver
- Svangerskapsomsorg/ jordmorkontrollar
- Barselomsorg
- Oppfølging av nyfødte
- Oppfølging av mor, barn og den nybakte familien
- Poliklinisk verksemd tilknytta svangerskap og barsel
- Oppfølging av gynekologiske pasientar
- Heimevakt med beredskap- og følgjeteneste
- Stillinga inngår i i turnus med heimevakt kvar 4. helg
- Tverrfagleg samarbeid
- Dokumentasjon i ulike kliniske system er ein viktig del av jobben som jordmor
Som jordmor samarbeider du tett med barnepleiarane i avdelinga. I tillegg er det tett dialog med gynekologar, jordmødre og barnelegar ved Haugesund sjukehus.
Kvalifikasjonar
Vi treng deg som:
- Har gyldig norsk autorisasjon som jordmor
- Erfaring fra barsel- og fødeavdeling vil verta vektlagt
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til fleksibilitet og oversikt
- Trives i et aktivt og travelt miljø
- Motivert til fagleg utvikling
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jordmor
Nøkkelord
Jordmor;, odda
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321500159
- Sist endret