
Kontaktlærar
Osterøy kommune
- Frist 11.10.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å bidra til utvikling og læring?
Kontaktlærar
Om stillinga
Lonevåg skule søkjer ein kreativ, dedikert og engasjert lærar til å bli ein del av vårt flotte team i 4. klasse. Vi søkjer ein person som har godkjent pedagogisk utdanning, t.d. grunnskulelærarutdanning 1.-7. eller allmennlærarutdanning med faga norsk og engelsk, som ønskjer å bidra til å gje våre elevar meistring og eit trygt og godt læringsmiljø.
Kanskje er du nettopp den me ser etter og vil ønskje velkomen til skulen vår?
Ta kontakt med rektor Tove for meir informasjon om stillinga eller søk på stillinga her!
Arbeidsoppgåver
- Skape ein god relasjon til den einskilde elev
- Planlegge, leggje til rette og gjennomføre undervisning i tråd med fagfornyinga og skulen sine pedagogiske mål
- Skape eit positivt og inkluderande læringsmiljø for elevane
- Vurdere elevane sine faglege og sosiale utvikling, tilrettelegging for individuell oppfølging og tilpassing
- Samarbeide tett med kollegaer og føresette for å sikre eit godt samarbeidsmiljø rundt elevane si læring og trivnad
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent pedagogisk utdanning som grunnskulelærar eller allmennlærar
- Evne til å skape eit positivt og støttande læringsmiljø
- God kommunikasjonsevne og samarbeidsevne
- Engasjement for fagleg og pedagogisk utvikling
- Kunnskap om og evne til å implementere varierte undervisningsmetodar
- Eleven i sentrum for alt arbeid
Å arbeide som lærar på Lonevåg skule:
Me verdset våre gode kollegaer og tilsette og kan by på eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Som tilsett hjå oss får du høve til å bidra til elevane si utvikling og læring, samstundes som du får fagleg utvikling gjennom kurs og moglegheiter for kompetanseheving. Skulen vår ligg flott til ved Hatland skulesenter, i gåavstand til barnehage, ungdomsskule og Osterøy Vidaregåande skule. Det er gode parkeringsmoglegheiter dersom du kjem med bil og vi har eit flott uteareal ved skulen vår.
Vil du bli med på laget vårt?
Spørsmål om stillinga
Har du spørsmål om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med rektor Tove Merethe G. Balestrand! Kontaktiformasjon finn du nederst i denne annonsa!
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om du berre vil høyre meir om arbeidsplassen og stillinga.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solbjørgsdalen 13, 5282 Lonevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321494980
- Sist endret