
Kommunikasjonsansvarleg
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Engasjert formidlar med stødig penn og kreativt hovud?
Er du ein engasjert formidlar med stødig penn og kreativt hovud?
Glad i miljø, menneske og å løyse utfordringar på ein smart måte?
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Herøy, Ulstein, Hareid og Sande. No er vi på jakt etter ein ny medarbeidar som kan ta ansvar for kommunikasjonsarbeidet vårt.
Du er dyktig til å formulere deg skriftleg og munnleg, og klarer å fenge folk på sosiale medium. Relevant erfaring og høgare utdanning i fag som kommunikasjon eller journalistikk er ønskeleg.
Du får desse oppgåvene:
• Informasjon til innbyggjarane på digitale og trykte flater
• Miljøkommunikasjon til skular og barnehagar
• Produsere og røkte innhaldet på reinhaldsverket.no
• Internkommunikasjon
• Fagansvarleg marin forsøpling
• Strategiarbeid og rapportering
• Rådgiving og sakshandsaming
Du har desse kvalifikasjonane:
• Sjølvgåande med god gjennomføringsevne
• Stor interesse for miljø, berekraft og sirkulærøkonomi
• Frampå når det gjeld digitalisering
• Indesign-kyndig
• Gode foto- og redigeringskunnskapar
• Skriv knakande godt og rett på nynorsk
Vi tilbyr:
• Ei allsidig stilling i ein spennande bransje
• Lønn etter avtale og pensjonsordning gjennom KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Andrea Øien Sæverud, tlf. 41 40 66 70.
Send søknad og CV på e-post til andrea@reinhaldsverket.no, eller bruk Søk her-verktøyet her på Finn.no.
Søknadsfrist 10.10.2023
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Avfall- og gjenvinningsbransen er i stor utvikling, der nye teknologiske løysingar går hand i hand med nye lovpålagde krav til korleis meir avfall skal gjenvinnast. SSR skal vere eit godt verktøy for eigarkommunane med mål om å handtere avfallet frå innbyggjarane på ein miljøvenleg, kostnadseffektiv og brukarvenleg måte.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Smårisevadet 20, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Miljøtjenester, Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, PR og informasjon, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunikasjonsrådgiver, medie og kommunikasjon, informasjon, samfunnskontakt, webredaktør
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321356257
- Sist endret







