Barnevernskonsulent i Øygarden kommune - 100 % fast og årsvikariat
Øygarden kommune Barneverntenesta
- Frist 10.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Barnevernskonsulent i Øygarden kommune - 100 % fast og årsvikariat
Vi søker deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Er du:
- engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
- fleksibel og løysingsorientert
- glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar
Då treng vi deg i teamet vårt!
Vi søkjer medarbeidarar til:
- arbeid med undersøking og tiltak
- arbeid med mottak og akuttarbeid
- arbeid med barn og foreldre når barnet ikke bur hjemme
- arbeid med enslige mindreårige asylsøkere
Vi har ledige faste 100% stillingar i tenesta, samt årsvikariat i forbindelse med foreldrepermisjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 60 stillingar og er inndelt i team.
I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter lov om barnevern.
- Tverrfagleg samarbeid
- Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans
- Dei ledige stillingane er knytt til dei ulike teama i tenesta
- Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom.
- Annen utdanning og erfaring kan i særskilte tilfeller erstatte kravet om 3-årig relevant høgskuleutdanning
- Gyldig politiattest ved tiltreding
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl B
Ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå 1.linje barnevern
- Erfaring med arbeid med barn, unge og familier
- Erfaring med arbeid med enslig mindreårige asylsøkere
Eigenskapar:
- Du møter barn og deira familiar med respekt, audmjukheit, samarbeid og kjærleik.
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du toler høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagte fristar
- Du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Det vert lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår.
Anna:
Vikariatene er ledig frå 01.01.24 og 100% faste stillingane er ledig frå 01.10.23
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Fleksitidsordning
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 93484846 evt.
Avdelingsleiar Janne Kleppe Kalstad tlf: 95721607
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggje arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Konsulent
Nøkkelord
Barnevern, Barnevernskonsulent, konsulent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321350503
- Sist endret