Driftsteknikar (med fagbrev)
Universitetet i Bergen
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Driftsteknikar (med fagbrev)
Driftsteknikar (med fagbrev)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Driftsteknikar (med fagbrev)
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinga.
Eigedomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar.
Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 3 driftsområde - to er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet.
Driftsteknikar (med fagbrev)
Ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen er det no tre ledige 100 % stillingar som driftsteknikar. Vi søkjer deg som er initiativrik, strukturert og har stor interesse for tekniske anlegg. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er «samhandling, respekt, redelighet og åpenhet». Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.
Dei utlyste stillingane er i dag plasserte i driftsområde Nord og driftsområde 3 som primært dekker på Nygårdshøyden og Marineholmen. Driftsområda har mellom anna ansvaret for UiB sine nærvarme- og nærkjøleanlegg, og bygg med omfattande og komplekse tekniske anlegg for m.a. laboratorium og museum.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver, og krev derfor at du kan handtere problemstillingar innanfor fleire felt. Vi ser etter personar som har erfaring med større bygg og tekniske anlegg.
BIM og andre digitale verktøy vert stadig viktigare for byggdrift, og driftsteknikarar hos UiB må ha gode IT-kunnskapar og evne og vilje til å ta i bruk ny programvare.
Stillingane rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:
- Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga: elektro, ventilasjon, rør, kjøling, byggdrift eller mekanikk. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Relevant erfaring med tekniske anlegg og bygg. Erfaring med større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, ventilasjonsanlegg, klimatiserte rom, sentral driftskontroll o.l. vil bli lagt særskilt vekt på.
- Grunnleggjande kjennskap til IT-verktøy
- Førarkort kl. B
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eks. Bergenstesten nivå C1: https://www.folkeuniversitetet.no/Artikler/Spraaktester/Nivaatest
Vi ser det som ein føremon at søkjar har:
- Erfaring med brannalarmanlegg, adgangskontroll m.m.
- Kjennskap til/innsikt i fleire relevante fagområde
- Erfaring i drift av større moderne bygg
- Erfaring med ENØK-arbeid og optimalisering av drift av tekniske anlegg
- Erfaring med navigering i og bruk av 3D-modellar
Personlege eigeskapar:
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima
- Vere kvalitetsbevisst og ha yrkesstoltheit
- Initiativrik og kreativ med interesse for utvikling
- Evne til å arbeide nøyaktig og ryddig
- Kunne handtere fleire utfordringar samtidig
- Evne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og saman med andre
- Serviceinnstilt
Vi kan tilby:
- Eit fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i årsløn frå kr 540 500 - 584 500 etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
- Opplæring og anledning til vidareutdanning og utvikling
- Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
- Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd) som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eigedomsforvaltar: Arvid Arnesen, tlf.915 62 209, Eigedomsforvaltar: Torbjørn Iversen, tlf.994 85 820
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Andre montører, Teknisk personell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321311261
- Sist endret