Undervisningsleiar - 100% fast - Lindås barneskule
Alver kommune
- Frist 05.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å leie skulen vår?
Undervisningsleiar - 100% fast - Lindås barneskule
Om stillinga
Lindås barneskule søkjer no etter ein engasjert undervisningsleiar med startdato 15.10.2023.
Om Lindås barneskule
Skulen vår har eit levande miljø med 222 elevar fordelt på 7 trinn og 12 klassar. Vi har eit team på 22 pedagogar i tillegg til dyktige fagfolk, SFO-medarbeidarar, leiing og administrasjon knytt til skulen. Skuleanlegget vårt har gjennomgått fleire oppgraderingar og framstår i dag som moderne, driftssikkert og funksjonelt.
Arbeidsoppgåver
Som undervisingsleiar vil du ha ei viktig rolle i skulen sitt leiarteam, saman med rektor, den andre undervisningsleiaren og SFO-leiaren. I tillegg til administrative oppgåver vil du også ha undervisningsansvar på nokre trinn og koordinere spesialundervisning/universell opplæring. Dine oppgåver vil inkludere oppfølging av elevsaker og ansvar for vikararbeid. Du vil leie ditt eige team og vere tett på pedagogisk leiing og støtte til personalet.
Kvalifikasjonskrav
For å lukkast i denne rolla treng du:
- Godkjent pedagogisk utdanning for undervisning på 1. - 7. trinn
- God munnleg og skriftleg dugleik i norsk
Det vil vere ein fordel om du også har:
- God digital kompetanse
- Erfaring som leiar innan skulesektoren
- Kompetanse innan vurdering og klasseleiing
- Erfaring med tilpassa opplæring og fleksibel organisering
- Erfaring med spesialpedagogisk arbeid
- Kjennskap til Leselos og De utrolige årene
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som har eit positivt syn på læring og som kan handtere mange oppgåver samtidig, samstundes som du tar deg tid til å ha positive interaksjonar med elevar og kollegaer. Du bør vere strukturert, fleksibel og løysingsorientert, med god samarbeidsevne og høg arbeidskapasitet. Fagleg oppdatering og engasjement for utviklingsarbeid er viktig. Søkarar bør ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverket og evne til å byggje sterke relasjonar med elevar, tilsette og foreldre.
Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før tiltrede
Vi tilbyr
Du vil få høve til å jobbe i ein spennande stilling med god plass for fagleg utvikling. Lønna vi tilbyr er konkurransedyktig og vil bli tilpassa din kompetanse og erfaring.
Vidare vil du bli ein del av eit team beståande av engasjerte og positive kollegaer som deler din interesse for utdanning. Vi set stor pris på kontinuerleg læring og tilbyr derfor også høve til relevant vidareutdanning og leiarutvikling, slik at du kan trivast og vekse i rolla di.
Til slutt, for di økonomiske framtid, har vi ei solid pensjonsordning gjennom SPK (Statens pensjonskasse), som gir deg tryggleik og stabilitet. Hos oss kan du sjå fram til ein givande karriere med gode vilkår.
Me ser fram til å høyre frå deg og ønsker deg velkommen til å vere med på å forme framtida for Lindås barneskule!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Veråsvegen 24, 5955 Lindås
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Inspektør
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321310676
- Sist endret