Jurist VA
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Jurist VA
Bjørnafjorden kommune har 3 sektorer; oppvekst, helse & velferd og samfunnsutvikling. Sektor for samfunnsutvikling har eit bredt samansett fagmiljø fordelt på einingane plan, byggesak, kart- og oppmåling, kultur, brann og redning, innbyggarservice, eigedom, samferdsle og VA. I tillegg koordinerer vi næringsaktiviteter og ivaretar kommunen sitt arbeid med klima og miljø.
Bjørnafjorden kommune har om lag 3000 private avløpsanlegg, og har som mål å oppnå god økologisk tilstand i vassdrag og resipienter.
I avdeling for VA har vi ei ledig fast nyoppretta 100 % stilling som jurist.
Vi leitar etter deg som er på jakt etter ein variert og innhaldsrik arbeidsdag med spennande og utfordrande oppgåver innanfor eit breitt fagfelt. Vi har oppgåver innanfor vatn, avløp og forureining. Du vil vere med på å auke avdelinga sin kompetanse ytterlegare, og stillinga innehar eit breitt spekter av oppgåver innanfor det juridiske fagfeltet.
VA-jus er rettsleg utfordrande. Du må forhalda deg til fleire lover, både sentrale og lokale forskrifter. Arbeidet er både offentleg og privatrettsleg. Det er mogleg å samarbeide med ulike nettverksgrupper for kommunane via Norsk Vann, der får du høvet til å delta i drøftinga av mange spennande problemstillingar.
Stillinga er organisert i avdelinga for VA, men vil utføre oppgåver for heile eininga. Avdelinga VA har ansvar for blant anna saksbehandling, regelverk, utøving av myndigheit og utsleppsløyver.
Vi er eit godt lag med høgt kompetente medarbeidarar som heiar på kvarandre. Vi er fagleg nysgjerrige og vil hjelpe kvarandre.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling etter blant anna forvaltningslova, forureiningslova og plan- og bygningslova.
- Generell juridisk rådgiving for Samferdsle/VA.
- Klagebehandling og utarbeiding av saksframlegg til politisk behandling.
- Arbeide med uttaler, utgreiingar og utgreiingar i samband med faglege og juridiske problemstillingar innanfor heile eininga sitt fagområde.
- Bistå med juridisk fagkompetanse innanfor eininga sine fagområde, inkludert utarbeiding av avtalar, erstatningsrett og behandling av innsynskrav
- Oppfølging ved ulovleg verksemd.
- Bistå i tilsynsarbeidet, inkludert oppfølging etter tilsyn.
- Rettleiing og informasjon til innbyggjarar.
- Andre oppgåver av juridisk karakter.
- Del din kunnskap på tvers av fagområde og til andre kollegaer.
Kvalifikasjonar:
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap.
- God kompetanse i forvaltningsrett.
- Relevant erfaring frå offentleg saksbehandling vil bli vektlagt.
- Beherske administrative IKT-system.
- Erfaring innan forvaltningsrett og offentleg saksbehandling er ynskjeleg.
- Førarkort klasse B.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Nyutdanna oppmodast også til å søkje på stillinga.
Vi tilbyr:
- Moderne kontorfasilitetar og gode parkeringsforhold
- Eit triveleg, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter gjeldande avtalar
- God pensjon-, yrkesskade og gruppelivsforsikring
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
Nøkkelord
jurist, vann, avløp, samfunnsutvikling, saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321301841
- Sist endret