
Sjukepleiar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 6.10.2023
Sjukepleiar
No er du heldig, for kirurgisk sengepost B på Molde sjukehus har nemleg ledig ei 100% fast stilling som sjukepleiar!
Vi søkjer deg, som er ein påliteleg, positiv, engasjert og arbeidsom kollega!
Kirurgen B omfattar forskjellige typar fagområder; deriblant ortopedi, urologi, ØNH og auge.
Sidan avdelinga omfattar forskjellige fagområder, vil du som sjukepleiar mest sannsynleg oppleve at det er lærerikt å jobbe her, samt at det vil ta tid før ein blir utlært.
Vi på kirurgen B er ein inkluderande gjeng med engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar. I tillegg til sjukepleiar-staben har vi også eit særskilt godt samarbeid med legane innad i avdelinga. Fag og kvalitet er nøkkelord, og dette er verdiar vi tilstreber å jobbe etter i ein hektisk kvardag. Samstundes er eit godt arbeidsmiljø og ei positiv innstilling viktig for trivsel på jobb. Dersom du tenkjer at du har noke å bidra med hos oss, søk då vel!
Interne omrokkeringar kan gje andre ledige stillingsprosentar.
Dersom dette høyrast ut som ein arbeidsplass du har lyst å jobbe på, da er det berre ein ting å gjær: søk! :)
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Vi ber om at relevante attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide i tverrfagleg team, både med forskjellige legegrupper, fysioterapeutar, ernæringsfysiolog, farmasøyt og palliativt team
- Sørgje for iverksetting og utføring av tiltak knytt til kvar enkelt pasient
- Når det gjeld turnus er det behov for sjukepleiar som kan jobbe tre-delt turnus, men ta kontakt sjøl om du feks ikkje kan gå natt.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar ved tiltreding
- Beherske norsk muntleg og skriftleg svært godt
- Det er ei fordel om du kan beherske fleire språk
- Erfaring og kompetanse vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har ei interesse for ortopedi og urologi, då dei fleste av pasientane våre er innan desse fagområda
- At du er imøtekomande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du må også vere påliteleg og lojal til arbeidsplassen
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Parkveien 84, 6405 Molde
- Bransje: Helse og omsorg
Nøkkelord
Fast, -, 100%, stilling, -
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321179160
- Sist endret