VA-ingeniør
Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA
- Frist 15.10.2023
- Ansettelsesform Fast
VA-ingeniør
Bjørnafjorden kommune har omlag 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.
Organisasjonen har 3 sektorer; oppvekst, helse & velferd og samfunnsutvikling. Sektor for samfunnsutvikling har eit bredt samansett fagmiljø fordelt på einingane plan, byggesak, kart- og oppmåling, kultur, brann og redning, innbyggarservice, eigedom, samferdsle og VA. I tillegg koordinerer vi næringsaktiviteter og ivaretar kommunen sitt arbeid med klima og miljø.
Bjørnafjorden kommune har om lag 3000 private avløpsanlegg, og har som mål å oppnå god økologisk tilstand i vassdrag og resipienter.
Vi ser etter ein motivert medarbeidar til 100% fast stilling til å ta del i vårt team som arbeider med forvaltning, drift og vedlikehald innan mindre avløpsanlegg i eining for samferdsel og VA.
Arbeidsstad:
Nye kontorlokaler i Mobergsbakken 109, like ved nye E39.
Arbeidsoppgåver
Spanande og varierte oppgåver innan forvaltning av spredt avløp. Som til dømes:
- Sakshandsaming av utsleppsløyve, fettutskiljere og oljeutskiljere
- Tilsyn private VA anlegg og forureiningssaker i heile Bjørnafjorden kommune
- Oppfølging privat slamtømming
- Andre oppgåver innan VA- området
Kvalifikasjonar:
- Bachelorgrad (ing) i VA-fag
- Kompetanse innan bruk av ulike IT-verktøy og interesse for slikt arbeid.
Vi søker deg som har/er:
- God gjennomføringsevne.
- Trives med samarbeid, men og ha evne til å jobbe sjølvstendig
- Fleksibel og villig til å utføre anna naudsynt arbeid dersom forholda krev dette
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjend
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Både erfarne og nyutdanna oppfordrast til å søkje
- Relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Moderne kontorfasilitetar og gode parkeringsforhold
- Eit triveleg, uformelt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Ein variert arbeidsdag i et etablert fagmiljø
- Lønn etter gjeldande avtalar
- God pensjon-, yrkesskade og gruppelivsforsikring
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Sjå gjerne meir på nettsida vår Jobb med samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Her kan du treffe to av våre ingeniører: https://youtu.be/ohdSMkIsNzs
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: VVS
- Stillingsfunksjon: Vann- og miljøteknikk
Nøkkelord
avløp, vann, vedlikehald, ingeniør, samferdsel
Annonseinformasjon
- FINN-kode 321157584
- Sist endret