Brenn du for folkehelse og lokal samfunnsutvikling?
- Arbeidsgiver
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Rådgivar folkehelse
- Frist
- 15.10.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Vi søker etter to rådgivarar folkehelse -100 % vikariat i 1,5 år
Brenn du for folkehelse og lokal samfunnsutvikling? Då har du moglegheit for ei god erfaring hos oss.
Vi befolkar fylket og har difor to ledige vikariat på 100 % som rådgivarar. Stillingane ligg i Kulturavdelinga, seksjon folkehelse, idrett og friluftsliv.
Tiltreding snarast og varigheit ut august 2025.
Vi søker fortrinnsvis etter deg som kan gå inn i vikariat i 100 %. Viss dei rette kandidatane har ønske om delt stilling, kan det diskuterast for ei av stillingane.
Seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv samordnar folkehelsearbeidet i fylket. Seksjonen har eit særleg ansvar for oppfølging av folkehelselova, koordinering av God Helse samarbeidet med kommunar, regional utvikling av folkehelse, friluftsliv og frivillig sektor, drift av eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne, forvaltning av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i tillegg til andre tilskotsordningar innan fagområdet.
Dei to vikariata skal dekke desse områda
- vere pådrivar for, og samordne, folkehelsearbeidet i fylket
- formidle og stimulere til kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
- rådgje og rettleie kommunar og andre samarbeidsaktørar i folkehelsearbeidet på tvers av fagfelt
- prosjektleiing av Folkehelseprogrammet
- lage og presentere oversikt og analyse av helsesituasjonen og påverkingsfaktorar gjennom til dømes regional planlegging
- koordinere og legge til rette for prosjekt og langsiktig samhandling og nettverksarbeid med våre samarbeidspartar lokalt, regionalt og nasjonalt
- saksbehandling og tilskotsforvaltning
Vi søker deg/dykk som
- har relevant høgare utdanning, helst på masternivå, fortrinnsvis innan folkehelse, førebygging, helsefremming, eller planlegging
- har erfaring med arbeid innan folkehelse, førebygging og/eller planlegging/analyse
- har god kunnskap og interesse om offentleg forvaltning og fylkeskommunens rolle som samfunnsutviklar
- er positiv og engasjert, ein pådrivar og dyktig på nettverksarbeid, samarbeid og relasjonsbygging
- har evne til å planlegge, prioritere og arbeide sjølvstendig og strukturert
- er løysingsorientert, nøyaktig og har gjennomføringsevne
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, også på nynorsk
Det er ønskeleg at du
- har erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
- har evne til å sjå heilskap og samanheng på tvers av fagfelt
- kjennskap til Folkehelseprogrammet
- har erfaring frå utgreiingsarbeid
- er i stand til å stå i krevjande situasjonar
Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit stort tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige fagfolk ved ein av dei største arbeidsplassane i regionen
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- ein organisasjon som legg vekt på læring og samarbeid, med tilbod om kurs og opplæring i regi av arbeidsgivar
- ordna lønns- og arbeidsvilkår, med offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
Om arbeidsplassen
Stillinga er plassert i kulturavdelinga med fortrinnsvis arbeidsstad i Molde.
Kulturavdelinga er tilretteleggjar, pådrivar og koordinator for aktivitet og satsingar innan kulturlivet og folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar kunst- og kulturformidling, folkehelse, idrett og friluftsliv, kulturmiljøforvalting, regionale bibliotektenester, frivillig sektor og kreativ og kulturell næring. Kultur- og folkehelseutvalet er hovudutval for sektoren Avdelinga har om lag 40 årsverk, kontorstader i Ålesund, Molde og Kristiansund, og eit bruttobudsjett på om lag 250 millionar kroner.
Les meir om Møre og Romsdal fylkeskommune på våre heimesider mrfylke.no.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Nøkkelord
folkehelse, helsefremming, planlegger, helse, analyse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Christine Reitan
- Stillingstittel
- Ass. kulturdirektør
- Telefon
- 71 28 05 70
- Mobil
- 90 99 82 68
- Kontaktperson
- Rigmor Hustad Holen
- Stillingstittel
- leiar seksjon for folkehelse, idrett og friluftsliv
- Telefon
- 71 28 04 23
- Mobil
- 93 00 67 26