Vil du bli med i kommunikasjonsteamet vårt?
- Arbeidsgiver
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Kommunikasjonsrådgiver
- Frist
- 05.10.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Vi søker etter
deg som er flink til å produsere innhald, har teft for kva som treff og skaper engasjement hos våre målgrupper, og er god på digitale verktøy. Du er ein kommunikasjonsrådgivar som er samfunnsengasjert, tar initiativ og ansvar, og kan bidra med både tekst, film og foto.
Vil du bli med i kommunikasjonsteamet vårt? Vi jobbar for å gjere det lettare for folk å bruke tenestene våre, og vise fram arbeidet vi gjer med å utvikle samfunnet.
No skal ein av våre dyktige medarbeidarar ut i foreldrepermisjon, og då ser vi etter deg som har lyst til å jobbe saman med oss. Vi lyser derfor ut eit årsvikariat, men tilsettingsperioden kan bli forlenga.
Du får jobbe med
Som kommunikasjonsrådgivar i digitale kanalar vil du, ha eit særskilt ansvar for strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid innanfor følgande arbeidsområde:
- koordinere arbeidet med nye nettsider til våre vidaregåande skolar og fagskolen
- gi råd om innhald og følge opp nettredaktørar slik at vi har brukarorienterte nettsider
- produsere, redigere og oppdatere innhald på mrfylke.no
- lage innhald til web og sosiale medium med tekst, foto og film
- andre oppgåver i kommunikasjonsseksjonen ved behov
Vi søker deg som har
- kommunikasjonsfagleg utdanning minimum på bachelornivå.
- relevant kommunikasjonsfagleg erfaring
- erfaring med ein eller fleire publiseringsplattformer/CMS
- høg digital kompetanse, men også erfaring med bruk av verktøy som foto, film og video
- kompetanse om ulike kanalar i sosiale medium
- kjenner til krava om universell utforming (WCAG 2.1 og WAD)
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne, også på nynorsk
Du tar initiativ og ansvar, og du har god kunnskap om korleis samfunnet rundt oss fungerer. Du samarbeider godt, ser raskt kva oppgåver som skal løysast og likar å sette deg inn i nye utfordringar. Du trivst med varierte oppgåver, både drift og utvikling, i eit aktivt arbeidsmiljø. Om du kjenner deg igjen, vil du kunne finne deg til rette hos oss.
Vi tilbyr
- eit stort tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige fagfolk ved ein av dei største arbeidsplassane i regionen
- ein organisasjon som legg vekt på læring og samarbeid, med tilbod om kurs og opplæring i regi av arbeidsgivar
- ordna lønns- og arbeidsvilkår, med offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
Om arbeidsplassen
Hos oss blir du ein del av kommunikasjonsseksjonen, med sju medarbeidarar med høg og variert kompetanse i faget. Vi har det overordna ansvaret for strategisk og operativ kommunikasjon i organisasjonen, både eksternt og internt.
Vi skal utvikle og drifte fylkeskommunen sine kommunikasjonskanalar (nettsider, intranett, nyheitsbrev, podkast og sosiale media) og levere kommunikasjonstenester til heile organisasjonen.
Seksjonen er organisert i stab for organisasjon og tenesteutvikling saman med HR-seksjonen, IT-seksjonen og seksjon for tenesteutvikling og digitalisering. Arbeidsstad for tida er fylkeshuset i Molde.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Nøkkelord
kommunikasjon, web, sosiale medier, film, foto



Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Inger Johanne Moene
- Stillingstittel
- Kommunikasjonssjef
- Telefon
- 71 28 01 82
- Mobil
- 47 28 40 03
- Kontaktperson
- Dag Lervik
- Stillingstittel
- Organisasjonssjef
- Telefon
- 71 28 01 75
- Mobil
- 95 17 30 38