Utløpt

Nynorskpraktikant i NRK

Arbeidsgiver
NRK
Stillingstittel
Nynorskpraktikant i NRK
Frist
15.10.2023
Ansettelsesform
Trainee
Bli kjent med NRK - Norsk Rikskringkasting AS

Har du lyst til å prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer!

Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert, likar å formidle og brukar nynorsk. Du kan søkje uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Norge, Trøndelag, Sørlandet eller Innlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn ikkje alle andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.

Arbeidsoppgåver

Ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde får du opplæring og praksis i nyhendejournalistikk på nett, TV, radio og sosiale medium. Opplæringa er svært praktisk og går føre seg etter lære-med-å-gjere-det-metoden.

Som praktikant lagar du saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen. Du lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og å arbeide under tidspress. Alle praktikantane får tett oppfølging frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland og andre NRK-redaksjonar.

Vi gjev opplæring i NRK sine arbeidsverktøy. Mediespråket er nynorsk.

Det 40. kullet med praktikantar byrjar 2. januar 2024 og er ferdig 30. juni samme år. Det er fem plassar på kullet.

Kvalifikasjonar

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.

Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden.

Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.

NRK treng nynorskpraktikantar i ulike redaksjonar, både på Marienlyst i Oslo og i riks- og distriktsredaksjonane rundt omkring i landet. Det er derfor fint om du skriv litt om kvar du kan tenkje deg praksis i søknaden. Les meir om alle kontora våre her: https://www.nrk.no/informasjon/nrk-sine-distriktskontor-1.6631072.

Om arbeidsgiveren


NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.




Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?


NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Sektor
Privat
Antall stillinger
5
Sted
Prestebøen 2, 6800 Førde
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist

Nøkkelord

nynorsk,, praktikant,, journalist,, media

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Fossum Lillesvangstu
Stillingstittel
Leiar
Telefon
91 87 41 11
Kontaktperson
Eva Marie Felde
Stillingstittel
Faglærar
Telefon
99 54 88 28
Følg firma
4244 følger dette firmaet

Prestebøen 2, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 318795347
Sist endret 11. okt. 2023 12:40

Rapporter annonse