Vil du ta del i ei unik og historisk reise? Då må du sjå her!
- Arbeidsgiver
- Engebø Rutile and Garnet AS
- Stillingstittel
- Biolog
- Frist
- 30.09.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du vere med å opne den første og mest miljøvennlege gruva i Norge på 40 år basert på det mest klimavennlege titanråstoffet i verden??
For å styrke vår organisasjon mot bygging og drift søker vi ein biolog til vårt rutil og granatprosjekt i Naustdal, Engebøprosjektet. Stillinga rapporterar til Miljø og Berekraftsleiar, og vil ha arbeidsstad i Førde og på Engebø. Stillinga sine hovedoppgåver er knytt til oppfølging av eksisterande planar og tillatelsar med respekt for biologisk mangfald og berekraft.
- Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineraler. Produkta vil i hovudsak bli eksportert.
- Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak være:
- Følge opp og implementere tilltak frå "Biodiversity Action Plan"
- Rapportering og oppfølging av interne, ekstern og myndighetskrav med fokus på biologisk mangfald
- Bidra i utvikling av miljø- og samfunnsleiing i tråd med høge standardar
- Bidra til måloppnåelse om nullutslepp av klimagassar og netto-gevinst for naturmangfald
Det er ønskelig med følgande kvalifikasjoner:
- Universitetsutdanning innan biologi eller tilsvarande med minimum master grad
- Relevant erfaring kan kompensere for mangel på formell utdanning
- Minimum 3-5 års arbeidserfaring
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Førarkort for bil, Klasse B
For at du skal lukkas i denne stillinga er du strukturert og nøyaktig med gode analytiske eigenskapar. Du må kunne jobbe sjølvstendig, men og i team og vere god på relasjonsbygging. Er du i tillegg løysingsorientert og positivt innstilt, ja då er det nettopp deg vi ønsker med på laget.
Vi tilbyr ein unik og veldig spennande arbeidsplass med eit knallsterkt fokus på berekraftige løysingar! Det vil for alle medarbeidarar vere ein stor, og ikkje minst unik moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving. Samt konkurransedyktig lønns- og pensjonsvilkår.
Per no er det kontorstad i Førde fram til administrasjonbygg på Engebø er klart til innflytting tidlig i 2024. Arbeidstid pt. for stillinga er dagtid.
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?
Engebø Rutile & Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6800 Førde
- Bransje
- Industri og produksjon,
- Metaller og mineraler,
- Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon
- Biolog,
- Geologi/Fysikk/Kjemi,
- Saksbehandler
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
Miljö, Bærekraft, GIS, ESG
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ylva Wård
- Stillingstittel
- Miljø og Berekraftsleiar