Klar for personleg utvikling? Og vil være med på noko historisk? Sjå her!

Arbeidsgiver
Engebø Rutile and Garnet AS
Stillingstittel
Prosessoperatør
Frist
30.09.2023
Ansettelsesform
Fast

Den første og mest miljøvennlege gruva i Norge på 40 år basert på det mest klimavennlege titanråstoffet i verden skal opnast – og vi trenger fleire engasjerte kollegaer med på laget.

                  

For å styrke vår organisasjon mot bygging og drift søker vi no etter 5 prosessoperatørar med utvida rolle til vårt rutil og granatprosjekt i Naustdal, Engebøprosjektet. Stillinga rapporterer til teamleiar for Prosess and Produksjon, og vil ha arbeidsstad Engebø. Stillinga si hovudoppgåve er å vere prosessoperatør med eit utvida ansvar når prosessanlegget er i drift. Første 6 månadane blir du ein viktig brikke i å bygge opp operatørrolla og får bidra i utviklinga av eit nytt prosessanlegg. Du blir med på å utvikle prosessar og rutinar, og bidra til god og sikker drift av anlegget.


  • Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineraler. Produkta vil i hovudsak bli eksportert.
  • Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette. 

 

 

Dine arbeids -og ansvarsområde vil i hovudsak vere: 

  • Prosessoperatør med oppgåver på kontrollrom og ute i anlegget.
  • Ansvar for å delta i å utvikle og følge opp prosess og produksjon, samt standardar innan kritiske prosessar og forbetringsarbeid.
  • Sikre at bedriftas retningslinjer for HMS til ei kvar tid blir overhaldt
  • Kulturbygging.
  • Bidra for kontinuerlig forbetring av avdelinga.
  • Bidra til internopplæring av andre operatørar i avdelinga.

 

Det er ønskeleg at du har følgande kvalifikasjonar:

  • Erfaring fra forbetringarbeid i industri og prosess
  • Fagbrev frå eksempelvis prosess, mekanikk, montør, anlegg ol.er ønskelig, men relevant praksis kan erstatte manglende formell utdanning
  • Kunnskap om grunnleggende HMS-verktøy og prosessar
  • Van med å bruke IT som daglig arbeidsverktøy
  • Sertifikat på Truck og kran
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnlig
  • Ein fordel med gode munnlege engelskunnskapar

 

  

For at du skal lukkast i denne stillinga er du ein uredd fagarbeidar med auge for detaljar og god på å forstå, og kan utarbeide gode rutinar og prosedyrar. Du må kunne jobbe sjøvstendig, men også vere god på samhandling. Er du i tillegg god på å planlegge og levere på tidsfristar, ja då er det nettopp deg vi leitar etter.

 

Vi tilbyr ein unik og veldig spennande arbeidsplass med eit knallsterkt fokus på berekraftige løysingar! Det vil for alle medarbeidarar vere ein stor, og ikkje minst unik moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving. Samt konkurransedyktig lønn, pensjon og forsikringsvilkår.


Per no har vi kontorstad i Førde, men vil flytte oss til Engebø når administrasjonsbygget er klart tidleg i 2024. For denne stillinga vil det bli satt opp 5 skift når produksjonen startar. Fram til det vert arbeidstida dagtid.

 

Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?

Engebø Rutile & Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.

Sektor
Privat
Antall stillinger
5
Sted
6800 Førde
Bransje
Industri og produksjon,
Metaller og mineraler
Stillingsfunksjon
Produksjon / Produksjonsteknikk/Prosessteknikk,
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

prosess, industri, planlegging, vedlikehald, bærekraftig utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Elin Stubhaug
Stillingstittel
Prosess- og Produksjonsleiar
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
46 følger dette firmaet

6800 Førde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 318777787
Sist endret 8. sep. 2023 13:31

Rapporter annonse