På søken etter nye utfordringar? Og i tillegg lyst å delta på noko historisk? Sjå her!
- Arbeidsgiver
- Engebø Rutile and Garnet AS
- Stillingstittel
- Lageransvarleg
- Frist
- 30.09.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vi skal opne den første og mest miljøvennlege gruva i Norge på 40 år – og vi treng fleire engasjerte og kompetente kollegaer med på laget!
For å styrke vår organisasjon mot bygging og drift søker vi ein lageransvareg til vårt rutil og granatprosjekt i Naustdal, Engebøprosjektet. Stillinga rapporterer til vedlikehaldsleiar, og vil ha arbeidsstad i Førde og Engebø. Stillinga si hovudoppgåve er dagleg drift av eit effektivt og trygt lager.
- Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineraler. Produkta vil i hovudsak eksporterast.
- Hovuddelane av prosjektet består av dagbrot-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette.
Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Daglege ansvaret for eit effektiv og lønsamt lager
- Sørge for effektiv vareflyt
- Overvake og bestille deler, verktøy og utstyr til lageret
- Motta og registrere bestilte varer
- Varetelling
- Kundehandtering
- Materialføring
- Elektronisk dokumenthandsaming og tollhandling, samt fakturagodkjenning
- Sikre at bedriftas retningslinjer for HMS blir overhaldt
- Bidra til kontinuerlig forbetring av avdelinga
Vi ønsker at du har følgande utdanning og kvalifikasjonar:
- Relevant fagbrev er ønskelig, men relevant erfaring kan erstatte manglende formell utdanning
- Erfaring fra lager eller liknande arbeid
- Kjennskap til lagerstyring
- Van med å bruke IT som dagleg arbeidsverktøy
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- Sertifikat på Truck og kran
For at du skal lukkast i denne stillinga så har du initiativrike haldningar med stå på vilje og uthaldenheit. Du er lærevillig og nysgjerrig, og oppteken av struktur og nøyaktigheit. Du evnar å jobbe sjølvstendig, men også i team. Om du i tillegg er systematisk og god på planlegging, ja da er det nettopp deg vi leitar etter.
Vi tilbyr ein unik og veldig spennande arbeidsplass med eit knallsterkt fokus på berekraftige løysingar! Det vil for alle medarbeidarar vere ein stor, og ikkje minst unik moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving. Samt konkurransedyktig lønn, pensjon og forsikringsvilkår.
Per no har vi kontorstad i Førde fram til administrasjonbygg på Engebø er klart til innflytting tidlig i 2024. Arbeidstid pt. for stillinga er dagtid.
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?
Engebø Rutile & Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6800 Førde
- Bransje
- Industri og produksjon,
- Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon
- Logistikk og lager
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
lager, vareflyt, mottak, logistikk, varehåndtering
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Odd Gunnar Røyseth
- Stillingstittel
- Vedlikehaldsleiar
6800 Førde