Kommunikasjonsrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 27.09.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Kommunikasjonsrådgjevar - Avdeling for kommunikasjon - Campus Haugesund - Vikariat
Kommunikasjonsrådgjevar - Avdeling for kommunikasjon - Campus Haugesund - Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet, er det ledig mellombels stilling som kommunikasjonsrådgjevar ved Fellesadministrasjonen - Campus Haugesund
Stillinga er knytta til Fellesadministrasjonen ved Avdeling for kommunikasjon. Avdelinga har ansvar for å leggje til rette for at HVL vert ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har òg eit overordna ansvar for at HVL har ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Haugesund og det er eit vikariat på 1 år, frå 01.2024.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar
- bidra til faste rekrutteringstiltak ved campus Haugesund
- ta del i ulike kommunikasjonsoppgåver og -prosjekt ved høgskulen.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Søkjar må ha relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst master, og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.
- Erfaring frå journalistisk, redaksjonelt arbeid eller kommunikasjonsarbeid er ein fordel
- Du må ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk
- Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater
Personlege eigenskapar:
- Vi ser etter ein sjølvstendig, omgjengeleg og initiativrik medarbeidar som meistrar balansen mellom det å vere operativ med dagleg innhaldsproduksjon og strategisk planlegging og rådgjeving.
- Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne
- Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Nestleiar, Helge Olsen, +47 55 58 75 54
2) Avdelingsleiar, Svein Ove Eikenes, +47 53 49 14 13
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (https://www.hvl.no/)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 318775944
- Sist endret