Klar for nye utfordringar? Og har i tillegg lyst å delta på noko historisk? Så her!
- Arbeidsgiver
- Engebø Rutile and Garnet AS
- Stillingstittel
- Laboratorieansvarleg
- Frist
- 30.09.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vi skal opne den første og mest miljøvennlege gruva i Norge på 40 år – og vi trenger fleire engasjerte og kompetente kollegaer med på laget!
For å styrke vår organisasjon mot bygging og drift søker vi etter ein laboratorieansvarleg med personalansvar til vårt rutil og granatprosjekt på Engebø, i Sunnfjord kommune. Stillinga rapporterer til prosess- og produksjonsleiar og vil ha arbeidsstad på Engebø. Stillinga si hovudoppgåve blir å utvikle og drifte vårt laboratorie og ansvar for opplæring og utvikling av 5 kollegaer. I stillinga vil ein kombinere lab-arbeid med personalansvar.
- Prosjektet består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil (titandioksid) og granat. I tillegg til mineralprodukta rutil og granat vil det også bli produsert produkt frå gråberg samt ulike restmineral. Produkta skal i hovudsak eksporterast.
- Hovuddelane i prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg. Prosjektets levetid er berekna til ca. 40 år og vil krevje ca. 100 tilsette.
Dine arbeids -og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Utvikle metodar og dagleg følgje opp analysearbeid for produksjonen.
- Ansvar for kontroll og kalibrering, samt planlegge og gjennomføre vedlikehald av analyseutstyr.
- Sikre at bedrifta sine retningslinjer for HMS blir overhalde.
- Utarbeide rutinar og prosedyrar for laboratoriet.
- Bidra i kontinuerleg forbetringsarbeid i organisasjonen og på avdelinga.
- Bidra til å utviklike prøvetrekkingsprogram og analysemetodar som sikrar rett kvalitet på produktet frå gruve til kunde.
- Evne å jobbe sjølvstendig, men og vere god på samhandling.
- Personalansvar for labteknikarar
Det er ønskeleg at du har følgande kvalifikasjonar:
- Ingeniør eller fagskuleutdanning innan laboratoriefag, prosess og kjemi, geologi, metallurgi eller lignande. Relevant erfaring kan erstatte manglende formell utdanning.
- Erfaring frå lab-arbeid er en fordel.
- Sunne og gode haldningar til helse, miljø og sikkerhetsarbeid.
- Van med å bruke IT som dagleg arbeidsverktøy
- Må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
For at du skal lukkast i denne stillinga så er du lærevillig og nysgjerrig. Evnar å leie, og jobbar godt i team. Du ser ikkje problem, men løysingar, og leverar på tidsfristar. Om du i tillegg er systematisk og god på planlegging, ja då er det nettopp deg vi leitar etter.
Vi tilbyr ein unik og veldig spennande arbeidsplass med eit knallsterkt fokus på berekraftige løysingar! Det vil for alle medarbeidarar vere ein stor, og ikkje minst unik moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving. Samt konkurransedyktig lønn, pensjon og forsikringsvilkår.
Per no er det kontorstad i Førde til administrasjonbygg på Engebø er klar til innflytting tidlig i 2024. Arbeidstid pt. for stillinga er dagtid.
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med oss og få på plass ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil?
Engebø Rutile & Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi skal drive omfattande prosjektutvikling i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune og bli ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring. I Engebø Rutile & Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både skaping av lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og mangfald.
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6800 Førde
- Bransje
- Industri og produksjon,
- Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon
- Analyse,
- Ingeniør / Kjemiingeniør,
- Produksjon
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
labratorie, rapporering, chemistry, analyse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Elin Stubhaug
- Stillingstittel
- Prosess og Produksjonsleiar