Klimarådgjevar
- Arbeidsgiver
- Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Klimarådgjevar
- Frist
- 01.10.2023
- Ansettelsesform
- Prosjekt
Vestland Fylkeskommune og avdeling Infrastruktur og veg (INV) skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde. Avdelinga vår skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet. Vi skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert teke vare på. Avdeling for infrastruktur og veg jobbar for framkome og trafikktryggleik for alle trafikantar på våre fylkesvegar. Vi har fått tilsegn på Klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet til ei 2-årig prosjektstilling som skal jobbe med å utvikle eit verktøy for å berekne klimagassutslepp i driftsfasen av fylkesvegprosjekt. Stillinga blir lagt til eininga Samfunnsutvikling og berekraft som er ein del av seksjon for forvaltning, utgreiing og geodata.
Vi søker ein motivert, sjølvstendig og fleksibel kollega som kan bidra inn i klimaarbeidet for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet.
Arbeidsoppgåver
- Bidra inn i klimaarbeidet på avdelinga, då spesielt med å arbeide med å utvikle og teste verktøy for klimagassutslepp i drifts- og vedlikehaldsprosjekt
- Koordinere og arbeide med klimatilpassing tverrfagleg på avdelinga
- Vere i dialog med andre avdelingar i VLFK, andre fylkeskommunar, vegeigarar og forskingsmiljøet på fagfeltet
- Bidra inn i arbeidet med å søke om og følgje opp tilskotsmidlar til blant anna forsking og utvikling av klimatiltak for fylkesvegane
- Bidra med gode løysingar til andre klimaprosjekt på avdelinga, som klimagassreduserande tiltak i plan- og utbyggingsfasen
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, for eksempel mastergrad innan klima og miljø, samfunnsplanlegging, ingeniør eller tilsvarande
- Erfaring frå arbeid med klimatilpassing eller klimagasskutt
- Erfaring frå arbeid med veg og/eller samferdsel
- Kunnskap om klima og korleis dette kan implementerast i vegforvaltninga
Personlege eigenskapar
Vi ønsker oss ein kollega med høge etiske standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode. Du trivst med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer. Stillinga krev samfunnsinteresse og sterke analytiske evner. Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater. Vi ønsker at du er initiativrik, har pågangsmot og gjennomføringskraft.
Vil du vite meir om stillinga er du velkommen til å ta kontakt med leiar Jorunn-Elisabeth Stavø på telefon 91158773 eller på e-post jorunn-elisabeth.stavo_at_vlfk.no.
Vi tilbyr
- Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling i et sterkt tverrfagleg miljø
- På avdelinga er vi opptekne å støtte kvarandre i det faglege arbeidet. Vi har engasjerte medarbeidarar som trivst saman på jobb, og opplever arbeidskvardagen som meiningsfull
- Sjukefråværet på avdelinga er lågt
- Vi har fleksibel arbeidstid og arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff. Vi er også tilslutta bedriftshelseteneste. Løn etter avtale
Arbeidsstad kan vere Bergen, Leikanger eller Førde
Anna informasjon
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
- Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort
- Stillingstittel vert tilpassa utdanningsnivå
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder
-
- 6800 Førde
- 6863 Leikanger
- Bransje
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Annet,
- Rådgivning
Nøkkelord
Klima,, bærekraft,, berekraft,, miljø,, rådgiver
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jorunn-Elisabeth Stavø
- Stillingstittel
- Leiar
- Telefon
- 91 15 87 73
Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen