Utløpt

Er du klar for å leia økonomifunksjonen i ein dynamisk lokalbank?

Arbeidsgiver
Hjelmeland Sparebank
Stillingstittel
Chief Financial Officer (CFO)
Frist
09.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS
Me i Hjelmeland Sparebank trur på lokalsamfunnet og ynskjer å vere ei kjelde til vekst og trivsel i Ryfylke, og eit naturlig val for verksemder og privatpersonar i regionen. Banken er lokaleid og sjølvstendig, og ein av våre styrkjer er lokalkjennskapen vår. Me er tett på kvar enkelt kunde, som støttespelar i små og store økonomiske val, gjennom heile livet.

Me ser etter deg om ynskjer ein ansvarsfull og spanande leiarstilling. Her får du moglegheit til å påverka utvikling og resultat ved å sikra at strategiske val byggjer på oppdatert og god finansiell informasjon. Som ein sentral leiar i banken, vil di kommersielle innsikt bidra til å forme og integrere alle aspektar av bankens aktivitetar og disposisjonar.

DINE OPPGÅVER OG ANSVARSOMRÅDER:
 
  • Ansvar for økonomifunksjonen. Dette omfattar å sikra prognosar, intern og ekstern finansiell rapportering av høg kvalitet og i tråd med rådande regelverk, samt sikra bankens likviditet. Ansvaret omfattar og revisjon og dialog med ekstern revisor, ansvar for ICAAP, skatt.
  • Personalansvar for økonomiteamet i banken.  
  • Førebu og presentera grunnlag og prognosar for økonomiske avgjerder, samt periodiske rapportar til leiargruppa og styret.
  • Proaktiv rådgjevar og sparringspartnar for administrerande direktør.
  • Vere i forkant med økonomiske moglegheits- og konsekvensanalysar knytt til konkrete vekstmoglegheiter og definisjon av strategiske prioriteringar.
  • Utvikla og effektivisera økonomifunksjonen i banken

DIN KOMPETANSE OG EIGENSKAPAR:

Me søkjer ein erfaren og fagleg sterk person med fleire års erfaring innan rollar med fokus på økonomistyring eller revisjon. Me ynskjer at du har erfaring frå bruk av prognose og- styringsverktøy. For å lykkast i stillinga trengs god forståing for rekneskap, inkludert IFRS, og solid kunnskap om regulatoriske krav i finanssektoren.

Stillinga krev fortrinnsvis universitets- eller høgskuleutdanning innan eit eller fleire av verksemda sine ansvarsområde, men søkjarar med annan relevant utdanning og erfaring kan også vurderast.
Du må evne å sjå heile bilete, stille saman informasjon og kommunisere presist og forståeleg, både munnleg og skriftleg. Gode analytiske eigenskapar synes nødvendig. Me søkjer deg som likar å ta initiativ, som likar læring og utvikling, og som forstår at ein lyt leia seg sjølv for å kunne leia andre på ein god måte.
 
KVIFOR SKAL DU BYRJE HOS HJELMELAND SPAREBANK?
Dette er for deg som ønskjer eit arbeidsmiljø der ein støttar kvarandre og delar suksessane. Eit miljø som trur på at det er summen av teamet gjer at me vert gode. Her får du gjera ein merkbar skilnad for kollegaene dine og kundane våre. Hjelmeland sparebank kan i tillegg tilby særleg gode forsikrings- og lånevilkår.  

ARBEIDSSTAD:
Du vil vere lokalisert på eit av våre kontor i Ryfylke og i samråd med leiaren din kan avtaler om til dømes heimekontor gjerast.  

NYSGJERRIG?
Me tar gjerne ei uforpliktande og konfidensiell samtale om stillinga?
Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human, Arne Dalehaug, tlf 957 86 454, eller Sondre Kråkenes Høysæter, tlf 957 93 784 for spørsmål.

Du kan óg kontakte administrerande banksjef, Bjørn Tjensvold, tlf 973 05 098, eller leiar kundemarknad, Kathrine Svalestad Veland, tlf 941 82 889.

Me gjer merksemd på at det kan krevjast ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40 og stadfesting frå Brønnøysundregisteret om at du ikkje er under konkursbehandling, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Dette vil gjelde for stillinger etter finansforetaksloven § 16-12 første ledd b) og §16-12 andre ledd.

Om arbeidsgiveren

Hjelmeland Sparebank vert etablert i 1907 som ein lokalt eid bank med sjølvstende. Banken har 20 medarbeidarar og avdelingar på Hjelmeland, Jørpeland, Finnøy, Suldal og Tau. Banken er en med EIKA Gruppen AS saman med 50 andre mindre og mellomstore sparebankar. Gjennom dette kan vi tilby kundane alle tenester som ein normalt kan forventa å få i ein bank.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Prestagarden 3, 4130 Hjelmeland
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering,
Økonomi og regnskap / Revisjon,
Ledelse

Nøkkelord

Økonomisjef, Økonomileder, Økonomi og finans, CFO

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sondre Kråkenes Høysæter
Stillingstittel
Senior Consultant
Telefon
95 79 37 84
Kontaktperson
Arne Dalehaug
Stillingstittel
Manager - Stavanger
Telefon
95 78 64 54
Følg firma
739 følger dette firmaet

Prestagarden 3, 4130 Hjelmeland

Annonseinformasjon

FINN-kode 315763071
Sist endret 29. sep. 2023 10:52

Rapporter annonse