Utløpt

Oppmålingsingeniør/Landmålar i Aurland kommune

Arbeidsgiver
AURLAND KOMMUNE
Stillingstittel
Ingeniør
Frist
31.08.2023
Ansettelsesform
Fast

Aurland kommune søkjar etter ingeniør med kart- og oppmålingskompetanse i 100% fast stilling på avdeling for Forvaltning i kommunalområdet Samfunnsutvikling. Stillinga er lokalisert på rådhuset, sentralt på Aurlandsvangen. Her får du eigekontor med utsikt mot fjell og fjord. På avdelinga blir du i godt selskap med tilsette som til dømes jobbar med planarbeid, byggesak, prosjekt og næring. Me legg vekt på godt og inkluderande teamarbeid, der du skal få påverke arbeidskvardagen.


Arbeidsoppgåver

Vere kommunen sin matrikkelførar av eigedomar

Handsaming av søknadar om deling og arealoverføring etter plan- og bygningslova.

Oppdatere matrikkelen, kartgrunnlaget og utarbeide temakart.

Geodataansvarleg for kommunen

Publikumsrettleiing

Landmålararbeid i drifts- og investeringsprosjekt.

Kontrollingeniør/prosjekteringsoppgåver på kommunale drifts- og investeringsprosjekt

Det må påreknast andre oppgåver tillagt stillinga under kommunalområde Samfunnsutvikling.


Vi tilbyr

Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.

Spanande og varierte arbeidsoppgåver.

Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag.

Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.

Avtale om delvis heimekontor.

Gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.

Hjelp til å skaffe bustad.

Hjelp til å skaffe barnehageplass.

Hjelp til å skaffe arbeid til partner.


Kvalifikasjonar

Har relevant utdanning frå høgskule

Har erfaring frå delings- og oppmålingsarbeid

Har kjennskap til moderne oppmålingsutstyr

Har kjennskap til bruk av dataprogram (GISLINE) i kart- og oppmålingsarbeid

Har kjennskap til offentleg forvaltning

Har førarkort klasse B

Har gode samarbeidseigenskapar og ei serviceretta haldning

Er motivert for å utvikle Aurland kommune vidare

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen.
Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig
næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen,
Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge
oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet.
Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn
eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Sted
Vangen 1, 5745 Aurland, 5745 Aurland
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Oppmåling og kartlegging,
Kontor og administrasjon / Kontorarbeid
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Oppmåling, ingeniør, Landmåler

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Olav Møller
Stillingstittel
Nestleiar
Mobil
45 97 85 22
Følg firma
13 følger dette firmaet

Vangen 1, 5745 Aurland, 5745 Aurland

Annonseinformasjon

FINN-kode 313213838
Sist endret 13. sep. 2023 09:56

Rapporter annonse