Juridisk sjef
Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Frist 22.8.2023
Vi søker juridisk sjef!
Bli med å utvikle regionen med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesvegar, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtilbod og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen.
Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, prega av verdiskapande samarbeid og tillit.
Som juridisk sjef har du ansvar for fleire sentrale område i fylkeskommunen med til saman om lag 28 tilsette. Du har ansvar for å leie, drifte og utvikle stab for juridiske og administrative tenester. Staben gir støtte til oppgåveløysinga til fag- og tenesteområda, og bidrar til at fylkeskommunen når måla sine. Du vil vere ein del av leiargruppa til fylkeskommunedirektøren og ha medansvar i å leie og utvikle organisasjonen.
Du vil ha eit særskilt ansvar for å yte bistand i juridiske saker til administrativ leiing, avdelingane, dei eksterne einingane og fylkeskommunale folkevalde organ.
Ansvarsområda dine inkluderer:
- Fylkeskommunen sitt sentralarkiv
- Bistand i innkjøpsfaglege saker
- Sekretariatsteneste for dei folkevalde organa i fylkeskommunen
- Drift av fylkeskommunen si forsikringsordning
- Beredskaps- og informasjonstryggleik
Det er viktig for oss at du er opptatt av utvikling innanfor alle ansvarsområda dine.
Du må ha følgande kvalifikasjonar:
- Master i rettsvitskap
- God kunnskap om offentleg rett, kontraktsrett og offentlege anskaffingar
- Solid leiarerfaring og evne til å ha eit heilskapleg og strategisk blikk.
- Forståing for offentlege og politiske prosessar
Det er en fordel om du har erfaring frå eller kunnskap om offentleg sektor.
Vi søker ein samlande, trygg og robust leiar som er lyttande og har gode kommunikasjonsevner. Du er tillitsskapande, trivst i samspel med menneske og blir motivert av å skape resultat i samarbeid med andre. Du er analytisk anlagt og har god gjennomføringsevne. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Du må ha god norsk muntlig og skriftlig fremstillingsevne.
Vi kan tilby deg ei unik moglegheit til å bli ein del av ein organisasjon som brenn for å utvikle betre og berekraftige løysningar for å møte framtidas behov.
Søk no og bli med å utvikle regionen med oss!
Lønn etter avtale, offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
For nærare informasjon om stillinga kan du kontakte Jefferson Wells v/seniorrådgivar Anne Dordi Alseth, e-post anne.dordi.alseth@jeffersonwells.no tlf. 924 48 268. Førespurnaden din vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også for oppdragsgivar, fram til søknadsfristen. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil det bli satt opp offentleg søkarliste. Det kan bli gjort unntak, dersom søkar ber om det. Dersom du ønsker å reservere deg for oppføring på den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i gjeldande lovverk.
Ver merksam på at opplysingar om søkar likevel kan bli gjort offentlege. Søkaren vil bli varsla dersom unntak frå offentlegheita ikkje blir innvilga.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, prega av verdiskapande samarbeid og tillit.
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Ledelse
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 311275717
- Sist endret


