Samferdselsdirektør
Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Frist 22.8.2023
Vi søker no samferdselsdirektør!
Bli med å utvikle regionen med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesvegar, kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtilbod og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen og søker no ein samferdselsdirektør som kan bidra til den vidare utviklinga vår.
Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, prega av verdiskapande samarbeid og tillit.
Som samferdselsdirektør har du det overordna ansvaret for å ivareta fylkeskommunen sitt utviklings-, utbyggings- og driftsansvar knytt til fylkesvegar, kollektivtransport og tilrettelagt transport for utvalde grupper. Du vil vere ein pådrivar for å tilby framtidsretta, trygge, pålitelege, behovsorienterte og miljøvennlege samferdselsløysingar for innbyggarane i Møre og Romsdal. Samferdselsområdet er organisert i to fagavdelingar; fylkesveg og Fram kollektiv, i tillegg til felles stabsfunksjonar. Dei to fagavdelingsleiarane og stabsleiarane rapporterer til samferdselsdirektøren. Det er totalt om lag 188 tilsette på samferdselsområdet.
Som samferdselsdirektør vil du vere ein del av leiargruppa til fylkeskommunedirektøren og ha medansvar i å leie og utvikle organisasjonen. Du får ansvaret for å leie og utvikle samferdselsområdet, slik at vi er i stand til å nå måla våre.
Du må ha følgande kvalifikasjonar:
- Utdanning innan relevante fagområde, helst på masternivå, men bachelorgrad kombinert med relevant erfaring kan kompensere
- Erfaring innan samferdselsområdet
- Solid leiarerfaring og evne til å ha eit heilskapleg og strategisk blikk
- Forståing for å leie i ein politisk styrt organisasjon
Vi søker ein samlande, trygg og robust leiar som er lyttande og har gode kommunikasjonsevner. Du evner å handtere ulike interesser og behov i eit komplekst landskap med sterk offentleg interesse. Du er tillitsskapande, trivst i samspel med menneske og blir motivert av å skape resultat i samarbeid med andre. Du er analytisk anlagt og har god gjennomføringsevne. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Du må ha god norsk muntlig og skriftlig fremstillingsevne.
Vi kan tilby deg ei unik moglegheit til å bli ein del av ein organisasjon som brenn for å utvikle betre og berekraftige løysningar for å møte framtidas behov.
Søk no og bli med på å forme framtidas samferdsel i Møre og Romsdal fylkeskommune!
Lønn etter avtale, offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
For nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte Jefferson Wells v/seniorrådgivar Anne Dordi Alseth, e-post anne.dordi.alseth@jeffersonwells.no tlf. 924 48 268. Førespurnaden din vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også ovanfor oppdragsgivar fram til søknadsfristen. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil det bli satt opp offentleg søkarliste. Det kan bli gjort unntak, dersom søkar ber om det. Dersom du ønsker å reservere deg for oppføring på den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i gjeldande lovverk.
Ver merksam på at opplysingar om søkar likevel kan bli gjort offentlege. Søkaren vil bli varsla dersom unntak frå offentlegheita ikkje blir innvilga.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, prega av verdiskapande samarbeid og tillit.
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
Samferdselsplanlegging, Ledelse, Toppledelse, Infrastruktur
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 311272306
- Sist endret


