Utløpt

Bioingeniør/avdelingsingeniør

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Bioingeniør/avdelingsingeniør
Frist
13.06.2023
Ansettelsesform
Vikariat

Har du interesse for fagfeltet patologi - og ivrar etter ein spanande jobb i lag med trivelege kollegaer? Då er dette arbeidsstaden for deg!

Vi har ledig vikariat som bioingeniør/avdelingsingeniør med snarleg oppstart og fram til 31.05.2024.

Å vere kollega på avdeling for patologi ved Førde sentralsjuehus, betyr å vere tett på der det skjer - med givande og meiningsfylte arbeidsoppgåver.

Patologi er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Avdeling for patologi i Helse Førde har omfattande diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vi har kring 25 medarbeidarar - og undersøker ca. 13 000 prøver årleg frå eit variert prøvemateriale.

Avdelinga er framtidsretta og nyttar digital patologi. Dette gjer fjerndiagnostikk mogeleg og vi står i ein utviklingsprosess der større del av aktiviteten blir modernisert og digitalisert. Vi jobbar også mot å bli eit akkreditert laboratorium og har kontinuerleg forbetring i fokus.

Vi søkjer ein medarbeidar som har kompetanse og engasjement til å vere med på vidare utvikling ved avdelinga. Vi ser etter deg som ønskjer å vere ein viktig bidragsytar i tverrprofesjonelt lagarbeid for å sikre dyrebar diagnostikk for våre pasientar.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg produksjon ved laboratoriet, i ein kombinasjon av tradisjonelle metodar og moderne automatiske metodar.
  • Laboratoriepersonell tar ut vevsmateriale til mikroskopisk vurdering (makrobeskjæring) som vidare støypast inn i parafinblokker, snittast og deretter fargast med ulike fargeteknikkar.
  • Rullering av arbeidsoppgåver tilpassa drift.
  • Dagtidsarbeid, måndag - fredag.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør. Annan relevant høgare utdanning blir vurdert.
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie er ein fordel
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande IT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig og strukturert - med sans for orden
  • Evner til å arbeide i eit travelt laboratoriemiljø
  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Positiv og omgjengeleg
  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning om ønskjeleg, kjernetid kl. 08.30-15.00.
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons - og forsikringsordningar
  • Arbeidsplass som er IA-bedrift
  • Bistand til å skaffe bustad

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Nøkkelord

bioingeniør, avdelingsingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristina Apalseth
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 92 33 40
Følg firma
68 følger dette firmaet

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 305549911
Sist endret 1. jun. 2023 08:50

Rapporter annonse