Rekneskapsførar
Marina Solutions AS
- Frist 20.6.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein fagleg dyktig, ansvarleg og sjølvstendig rekneskapsførar
Marina Solutions har dei siste åra hatt ei solid vekst der vi også har utvida vårt marked. Denne trenden vil vi nå fortsette, og som eit ledd i dette vil vi flytte rekneskapsfunksjonen inn i bedrifta.
Difor søkjer vi etter ein fagleg dyktig, ansvarleg og sjølvstendig rekneskapsførar. Riktig person må i tillegg til å inneha solid rekneskapsforståelse, også ha mykje erfaring og kunnskap innan ERP- og økonomisystem. Ein viktig del av stillinga vil vere å optimalisere våra system, og bruken av desse på tvers av organisasjonen.
Stillinga er underlagt økonomisjef som ein og vil arbeide tett med, økonomisjef har også erfaring frå tilsvarande stilling. I tillegg vil vårt rekneskapsbyrå kunne bistå ved behov, så ein vil aldri stå åleine i vanskelege oppgåver.
Ansvaret for lønn (A -Å) er også tiltenkt stillinga. Det er ikkje eit krav med erfaring innan løn, då vårt rekneskapsbyrå kan ta ansvaret for dette fram til ny rekneskapsførar er komfortabel med å ta over.
Marina Solutions er eit selskap med flat struktur, engasjerte tilsette og vi har stort fokus på å ivareta eit godt arbeidsmiljø og trivsel på arbeidsplassen. Personlege eigenskapar vil difor bli høgt vektlagt.
Hovedoppgaver:
· Rekneskap frå A til Å
· Vedlikehald og optimalisering av ERP- og økonomisystem
· Lønn frå A til Å
· Vi er ei lita bedrift, så forskjellege andre arbeidsoppgåver må forventast. Desse vil og kunne tilpassast riktig kandidat
Vi ser etter deg som har:
· Relevant utdanning innan rekneskap / økonomi, minimum bachelorgrad
· Minimum tre års erfaring innan rekneskap
· Høg systemforståelse og kunnskap innan datasystem, gjerne innan Visma.net ERP
· God kjennskap til lagersystem
· Gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
· Nye kontorlokale sentralt i Ørsta
· Høg grad av fleksibilitet og sjølvstendigheit
· Tiltreding etter avtale
Kontaktperson for stillinga er økonomisjef Jon Dag Yksnøy, 91854355 / jdfy@marinas.no
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Ivar Aasen-gata 10, 6150 Ørsta
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Lønn, Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
regnskap, regnskapsfører, regnskapsføring a-å, økonomi/finans
Tindebygget i Ørsta - Hovedkontor (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 305474158
- Sist endret

