Utløpt

Familieterapeut

Arbeidsgiver
Bufetat
Stillingstittel
Familieterapeut
Frist
14.06.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) si hovudoppgåve er å gje brukarane våre hjelp og støtte uansett kvar dei bur i Norge. Bufetat har oppgåver innan områda barnevern, familievern, samlivstiltak, ekteskapssaker, adopsjon, billighetserstatning, tilskuddsforvaltning, ungdomsutveksling, ungdomsinformasjon og krisesenter. Bufetat er organisert i fem regionar med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som hovudkontor i Oslo. Bufetat er underlagt Barne- og familiedepartementet.

Bufetat har team som tilbyr Familiebehandling for ungdom (tidligere kalt FFT-team). Teamets arbeid baserer seg på forskningsbasert familiebehandling for ungdom med alvorlege atferdsvanskar. Den kliniske modellen i tiltaket byggjer på fleire tiårs utfalls- og prosessforskning for målgruppa og søkjer å integrere behandlingskunnskap fra fleire kjente psykoterapeutiske og familieterapeutiske teorigrunnlag. Behandlingsmodellen krev ei høg grad av klinisk kompetanse og tiltaket har eit rammeverk med både klare retningslinjer for behandlinga og fleksibilitet for terapeutisk tilpasning til den einskilde familie.


Familiebehandlingsteama i Bufetat får fagleg opplæring og støtte frå Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge - NUBU i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det er 5 andre slike familiebehandlingsteam i Noreg.

Arbeidsoppgåver

Til vårt familiebehandlingsteam i Sogn og Fjordane søkjer vi ein psykolog/psykologspesialist/familieterapeut til 100% fast stilling. Stillinga inngår i eit team av terapeutar som har eigen teamleiar med fagleg og administrativt ansvar. Terapeutane i teamet tilbyr behandling til familiar i heile fylket, og det vil vere eit føremon i høve teamet si geografiske dekning med ny terapeut buande i eller i nærleiken av Sogn.

Terapeutane i teamet har sjølvstendig behandlingsansvar i sine saker og har fleksibel arbeidstid. Det er opp til terapeuten å organisere det kliniske arbeidet opp mot kvar einskild familie. Behandlinga foregår i hovudsak i heimen, evt. poliklinisk når det er ynskjeleg. Terapeutane får kvar veke rettleiing fra teamleiar som skal bistå til at behandlinga vert gitt i tråd med tiltaket sin kliniske modell.

Stillinga gjev ei unik moglegheit for grundig opplæring i ein forskningsbasert og integrativ familieterapeutisk behandlingsmodell. Den kliniske modellen i tiltaket bygger på ei bredde av teoretiske retningar innan psykoterapi og familieterapi, og er ein fagleg spennande utviklingsmulighet. Alle terapeutar i familiebehandlingsteama får grundig opplæring i tiltaket frå NUBU og deltek i den kontinuerlige kompetansehevinga av familiebehandlingsteama i Noreg

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde:

Familieterapeutisk arbeid etter tiltaket sin kliniske modell.
Koordinere det faglege arbeidet i kvar einskild sak.
Gjennomføre tiltaket sine kvalitetssikringsrutinar.
Delta i opplæring samt rettleiing kvar veke.
Drive informasjonsarbeid om tiltaket.

Kvalifikasjonar

  • Profesjonsstudiet i psykologi.
  • Søkjarar med høgskuleutdanning og vidareutdanning i familieterapi, eller mastergrad utdanning innan helse- og sosialfag med klinisk vidareutdanning og erfaring, kan også vere aktuelle for stillinga.
  • Erfaring frå terapeutisk arbeid, gjerne med familiar og barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar.
  • Søkjarar bør ha god kjennskap til det teoretiske fundamentet til metoden, dvs. systemteori, kognitiv terapi og sosial læringsteori.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Søkjarar må ha sertifikat.

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og kunne skriftleggjere sitt arbeide.
  • Ein føresetnad for stillinga er ønske om og moglegheit til å arbeide fleksibelt.
  • Det vert stilt krav om at den som blir tilsett er ansvarleg, nøyaktig, effektiv og har gode samarbeidsevner.
  • Det vil bli lagt stor vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Grundig opplæring i modellen som vil bli gjennomført i Oslo av NUBU.
  • Rettleiing kvar veke knytt til det kliniske arbeidet.
  • Fagleg oppfølgjing og utvikling.
  • Dyktige og entusiastiske kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 0794 psykolog p.t. kr 594 500 - 692 400 pr. år (ltr.61-70), 1304 psykolog med
    godkjent spesialitet p.t. kr 745 000 - 845 900 pr. år (ltr. 74-79), 0795 spesialpsykolog p.t. kr 667 700 - 759 100 pr. år (ltr. 68-75),
    1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1173 klinisk sosionom, 1185 spesialutdanna sosionom , 1496 klinisk barnevernspedagog,
    1509 spesialutdanna vernepleiar, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog p.t. kr 532 200- 646 000 (ltr. 54-66).
  • Stillingskode og lønnsplassering vert vurdert etter utdanning og ansiennitet.
  • For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre betre. Derfor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette kandidatar nyttar vi ikkje avkrysningane til anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Eining for atferd høg avdeling FFT Sogn og Fjordane.
  • Politiattest må leggast fram ved ansetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må ein i så fall begrunne. Vi kontakter deg dersom ditt ynskje ikkje vert imøtekome.

Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstørrelse og varigheit må ein ta med ved eit evt. intervju.

NUBU har eit fagleg ansvar for utvikling og implementering av Familiebehandling for ungdom, og skal såleis ta del i rekrutteringsprosessen av terapeutar til desse behandlingsteama.
Når du søker på stillingane gir du derfor samtidig samtykke til at NUBU får innsyn i søknaden din.
Meir informasjon om NUBU finn du på http://www.nubu.no

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.



Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1 B, 6800 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom

Nøkkelord

FFT,, Barnevern,, Institusjon,, Familieterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Lothe Brunstad
Stillingstittel
Spesialrådgiver/psykologspesialist NUBU
Telefon
40 01 76 20
Kontaktperson
Frank Norman Leversund
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
46 61 97 56
Følg firma
4298 følger dette firmaet

Storehagen 1 B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 305446997
Sist endret 31. mai 2023 12:10

Rapporter annonse