Miljøarbeidar med helsefagleg bakgrunn
- Arbeidsgiver
- Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar med helsefagleg bakgrunn
- Frist
- 08.06.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialiserande. Vi har i dag to skulestader, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena tufta på tillit og respekt for kvarandre.
Vi søkjer etter to miljøarbeidarar i 83 % stilling på vår avdeling for tilrettelagt undervisning i Skogsvåg.
Arbeidsoppgåver
Arbeide med elevar i tilrettelagte grupper.Praktisk og teoretisk oppfølging tilpassa elevane.
Tett oppfølging av einskilde elevar i samarbeid med føresette, lærar og andre støttefunksjonar.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeid med elevar, kollega, og skuleleiing.
Halde seg informert om utvikling i fagfeltet og legge til rette for overgang til arbeid.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt og for at dei skal meistre livet som sjølvstendige vaksne.
Arbeid med elevar med særskilte behov i ordinære klassar kan òg bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande.Ønskjeleg med erfaring innan arbeid i tilrettelagt opplæring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar.
Kommunisere godt på norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Gode evner i møte med elevar med særskilte behov og har eit særleg ønske om å arbeide med denne elevgruppa.Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du bidrar til elevanes faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Å vere eigna for arbeid med ungdom med særskilte behov vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar, kollegaer og andre samarbeidspartar.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eigen læring og utvikling.
Ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som tilsetjast må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Finkelhølsvegen 10, 5382 Skogsvåg
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kari Lund Birkeland
- Stillingstittel
- avdelingsleiar
- Telefon
- 958 19 943
- Kontaktperson
- Erik Henneli
- Stillingstittel
- Assisterande rektor
- Telefon
- 958 26 077
- Kontaktperson
- Olav Lee
- Stillingstittel
- rektor
- Telefon
- 930 34 370